- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VII. Brev. /
314

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

314

KNUDAHEIBREV

Eg kjende den Melodonten og lo. Men meinte at
det som vaksne Folk minst kunde spara paa var det
som turvtest til aa berge Live. „Og den som liver
millom Røvarar maa alltid ha Revolv;ren ladd."

Han murra; drog paa det. Me hadde daa spara paa
Hér-Utgiftine fyrr, meinte han.

„Me hev ikkje vori vaksi Folk," sagde eg. „Det
som hev berga oss er Lykka. Men den Dama er
blind. Eller som andre segjer: ei Hore. Me kann
ikkje lite paa den. Me maa kunna lite paa oss sjølve,
vil me liva i Verdi. Berre daa kann me vente Hjelp
au. Elles vert det til det, at Stor-Røvarane ein Dag
skifter oss imillom seg ettersom dei sjølve synest."

Han snakka upp og ned og att og fram; Meiningi
var: det me ikkje kunde, det kunde me ikkje.
Dermed gjekk han. Det er vel mange som tenkjer
som han.

Me er ikkje vaksne, nei. Det store Spursmaale er:
um me er Emne til eit Folk, eller um me berre er
Restar . . .

Naah. Me fær „tru det beste", veit du. Og so er
Verdi vond; det fær me trøyste oss med. Desse
Røvarane her rundt ikring oss, dei hev nok Hug paa
Lande; men dei vert ikkje samstellte. Og den eine
er rædd den andre. So held den eine Kniven den
andre i Slira. Det liver daa me paa, til dess me vert
vaksne og kann stelle oss som Folk. Ja-ja! Det er
nok det vonde ein tryggast kann tru paa . . .

— Eg vert leid av Riksspursmaali; triv Regnhatten
og legg til Fjells.

*



Etter Non.

Dette Matstelle mitt i Knudaheio — naah; eg er
glad eg er aaleine. Og tenkjer ofte med meg sjølv:
det er godt at ho Hulda ikkje ser det. Naar det

R e g n h a 11: Paraply.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:50 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/7-1909/0322.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free