Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
KNU DAH EI BREV
315
berre er eg sjølv som lær aat meg, eller grin og
gryler paa meg, so bryr eg meg ikkje større um det.
Og so greider det seg ikkje so ille. Men det gjeng
stridt mykje paa nedkokt. Eller som det heiter paa
Gudsord: „Hermetik". So noko vidare gamall vert
eg aldri her i Knudaheio.
Gjente, segjer du? Finst ikkje slikt. Det som ikkje
vert Lærar-„indar" fer til Amerika. Og By-jente kann
du vita eg ikkje kann hava, naar eg skal vera Jærbu.
— — Jærbu, ja. Jærbuen er visst den klokaste
likevel, han. Landsspursmaal og slikt bryr han seg lite
med; det greider Vaarherre. Og dei som trur at me
Jærfolk berre tenkjer paa det gudelege, dei tek au i
Mist. Me agtar nok Bøneboki. Men me gløymer ikkje
Jordi for det.
Og um me gjeld for seinføre, — det kann stundom
gaa so fort med oss at me skynar det knapt sjølve.
Ikkje berre naar det spyrst um aa koma til Amerika.
Nei; naar det gjeld Arbeid med. Som no det eg her
vil nemne.
Ikkje lenger sidan enn i mi Ungdoms Tid var Jæren
eit Kornland. Aakrar gulna all Stad; Kvernar gjekk
i kvar Aa; og Haust og Vinter for me til Byen med
Mjøl-Lass som kunde rope or Vegen. Og det vart
Skjelingar av dei Lassi. Havre og Reint dyrka me
mest; Rug til Husbruk med; ein Kveite-Aaker hadde
me og gjerne.
Og me greidde oss töllegt, det vil paa Jærbumaal
segja godt. Ungdomen laag um Vinteren paa Fiskje;
men han lærde seg Jordbruk fyrst og fremst, paa
Heimegarden i dei unge Aari, og sidan paa Teneste
hjaa godt Folk, der han var paa Jordbruksskule likso
vel som dei som gjeng og vert „Agronomar" no, og
tente seg Løn attpaa. Og kor smaae Lønine var daa
mot no, so lagde Ungdomane seg upp nokre Dalar
Reint: Bygg.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>