- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VII. Brev. /
318

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

318

KNUDAHEIBREV

og Havremjøl og no vil klara seg med Kaffi og
Mais-blande, han fær finne det same. Arbeid og sterk Luft
krev Kraft; og Kraft vil hava Mat som der er Merg i.
Men Folk hev alt komi til aa tenkje paa dette, og finn
vel etterkvart ein Maate so dei klarar seg.

Og maa ein tenkje paa Kroppen, so lyt ein tenkje
paa Hovud og Vit med. Det er som han sagde han
Eivind Tjensvoll, ein Kjenning fraa yngre Aar: „det
kann vera godt nok at gode Hovud fraa Bygdine vert
Bokfolk og Skulefolk; ikkje minst treng me bondefødde
Embættsmennar. Men me treng gode Hovud i vaart
Arbeid med. Og det ikkje berre til Utskiftningsmennar,
men beint fram i Jordbruke. Vert Bonden tappa paa
alle Kantar, baade for Pengar og Arbeidskraft og Vit,
so kunde han vera sterk som Fjell; han held ikkje ut
paa den Maaten i Lengdi."

Han er ikkje av dei modlause, den Bonden som
sagde dette. Han er av det gode gamle Jærbu-Slage:
dei som var arbeidsame og dertil glade. Og misnøgd
med sine Vilkaar er han aira minst; det er au noko
som er innkomi med Krambugut-Skulen. Eivind
Tjensvoll stod for Presten fyrr Nyskulen kom, so at naar
han og eg er i Lag, so er det det gode gamle Jæren som
møtest med det nye og skrale. Gjeng eg elles innpaa
’n, so vedgjeng han at Skattane er høge no mot i
hans fyrste Tid, og at det ikkje vil vera verdt aa
sprengje paa so hardt til det jamne. Men Bonden er
seig, legg han til med ein Smil; det vil vara ei Stund
enno fyrr dei fær gjort det av med ’n.

Det gjeld um at me lærer aa lite paa os sjølve att.
Staten som her eit Bil var slik ein Vaarherre, men no
meir og meir vert sitjande og undrast paa at det er
Folke som maa føde honom og ikkje han som kann
føde Folke, den kann me nok ikkje vente noko
Manna-Regn ifraa. Det var eit Mistak med all denne Trui
paa Rikshjelp. Nye Skattar kann me vente av Staten
med hans hundra Millionar i Aars-Utgift og hans 2—3

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:50 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/7-1909/0326.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free