- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VII. Brev. /
319

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

KN UDA HEI BREV

319

hundra Millionar i Skuld; nye Skattar og nye Laan
kann me vente av Staten. Og alltid nye
Emhætts-mennar, som maa hava sitt kven som elles skal svelte.
Det er i det heile det einaste Staten kann gjera: setja
inn og løne og etterløne Embætts- og Umbodsmennar.
Alt ein gjeng til Staten med, — fær ein noko Svar,
so er det dette eine og same: so og so mange nye
Embætts- eller Umbodsmennar. Og so skal dei dertil
hava sine Kantor. Og so og so mange Hundradtusund
eller Millionar til aa „arbeide" med. Men um det
vert noko av dette Arbeide . . .

*



Me hev i seinare Aar drøymt og drøymt um nye
Tidir; alt skulde bli so nytt no.

Ja-ja. Duger det nye, so veks det seg smaatt um
senn inn i det gamle; og det som ikkje duger vert
utskilt. Det er den vanlege Meltingsgang. Eit Folk
liver i det heile so lengi som det kann arbeide nytt
inn i sitt gamle, so lengi det aandeleg kann
livnære seg.

Mykje av det nye er berre nye Sjukdomar. Og dei
breider seg fortare ut-yvi Lande enn fyrr. Jamvel paa
Jæren er mange utrygge av By- eller Boksmitte. Eg
som hev vori ute so lengi at eg tek til aa koma heim
att kjenner meg visst ofte tryggare paa Heime-Grunnen
no enn mange av desse halv-forfarne unge. Eg kjenner
au vel kva det er for eit Livs-Tap, for deim som det
hev vori for meg, at me ikkje gjenom Skulen og
Bøkane fær arbeide os fram paa vaar eigin Grunn, men
vert drivne uti noko framandt som skyggjer meir enn
det klaarar upp for oss. Det nye me pluggar i oss
vert seint og stundom aldri vaart; men det som var
vaart heimanfraa drep Skulen ned i Staden for aa
kveikje og dyrke det. Unaturleg Livemaate krev sterke

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:50 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/7-1909/0327.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free