- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VII. Brev. /
323

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

KN UDA HEI BREV

323

Likevel fær me takke til at me hev havt dette
Halv-maale; det vert meir og meir ei Overgangsbru for
Norskdanskane.

Dei hyggjelege Brørane vaare meiner at her ikkje
er noko norskt lenger. Danmark gjer seg til av aa ha
øydelagt Maale vaart, liksom det øydelagde alt anna
gjævt fraa vaar gode Tid. No, daa me hev lati
Framand-domen ride oss i 500 Aar, duger me i det heile ikkje til
anna enn Hjelparar — for dei danske, dømer Svenskane;
nei, maa vi be’: for de svenske, segjer Danskane. Og
dei norskdanske bøygjer seg: det er sant, segjer dei.
Lat oss gjeva upp dei norske Draumane, segjer dei, og
gjera det einaste me kann: hjelpe Brørane vaare i
Danmark!

Var det som desse hyggjelege Brørane trur, so vilde
eg segja som Danskane: dei norskdanske bør slaa seg
paa svenskt. I Talemaale er dei alt komne so langt
at dei likso snart kann kalle seg dansksvenske som
norskdanske; harde Medljodar utan Tviljodar er
Ser-merke for det svenske mot danskt, og hev no like eins
vorti „Sermerke" for det norsk-danske. Men til det
vesle som kunde vera att av det norske Folke vilde
eg segja: skal me døv, so lat oss ikkje døy i eit
Smaa-folk som det svenske; lat oss døy i Amerika og stande
upp att paa engelskt; so fær me daa noko att for Live
vaart! Engelskt ligg daa au norskt so nære, at i Grunnen
kjem me lettare inn i det enn i det danske eller det
svenske.

Men no er ikkje Nordmennane so daude som Brørane
vaare trur. Og dermed er vaart Svar gjevi. Me byter
ikkje norskt burt i danskt meir enn Danskane byter
danskt burt i tyskt eller Svenskane svenskt burt i
franskt; for me veit, at di lenger me vinn Heimemaale
fram, di meir vinn me og Heimeretten att, og dermed
all Heime-Hugnad.

Ja um me so visste at Norig skulde døy. Dei av
oss som ikkje for til Amerika vilde tala og skrive

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:50 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/7-1909/0331.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free