Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
324
KNUDAHEIBREV
norskt likevel; for jamvel i dette sorgsame Tilfelle
vilde det for oss norske vera best aa ha haldi ut paa
den norske Sida.
Men mit skandinaviske Credo lyder so: der er tri
Folk, det norske, det svenske og det danske; og desse
tri er, just naar dei er heilt ut tri, — eitt. —
Fillut og blodut gjekk Norig av mang ein Leik;
folnande laag det under det danske, gulnande og geispande
ligg det under det „norske" Danskevelde. Men det
heldt seg med Liv i all Naud, og klara seg fram gjenom
Armod og Tvang og Sott og Daude og Svartedaude.
Det hev vori djupare nede enn no, og hadde endaa
Livskraft; den hev det framleies. Heimkjensla vaar
kann synast veik; men naar det gjeld paa vaknar ho.
All den Lüt og Forgift som paa nokor Vis læt seg
bruka mot denne Kjensla vart bruka hjaa meg fraa
Barndomen av; kunde Heimkjensla vakne upp att hjaa
meg, so kann ho vakne hjaa alle. Og ho er i
Vak-ning. Trass i Danskar og Heimedanskar; trass i
Amerika; trass i alt. Armt gjekk Norig av mang ein Leik;
men det liver. Og det vil vakne til fullt Liv.
Mange leide Knutar er her for Bonden no. Noko
av det eg høyrer oftast nemnt er Spursmaale um
Tenarhjelp.
Alt han Far var inne paa dette Spursmaale. Ein
skulde helst klara seg utan Tenarhjelp, meinte han.
Og det er fleire som freistar med det no, um det
ikkje nett feil so laglegt.
Men det maa visst meir og meir til. Tenarhjelpi
vert for dyr. Dertil duger ho mindre og mindre. Det
er ikkje som i fyrre Dagar, daa Ungdomen heldt
Tenar-Aari for ei Læretid. No maa dei paa Skular
skal dei lære; ja um det berre er ei Gjente som skal
lære aa koke Graut, maa ho til Byn i „Husholdnings-
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>