- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VII. Brev. /
325

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

KN UDA HEI BREV

325

skole". Tenartidi vert daa berre ei Træletid som er
like uhugleg og unyttig for Herrar som for Tenarar.

Det er det au, at Tenarane høyrer ikkje Huse til
lenger. Dei fører sitt serskilde Framandliv i
Hus-bondshuse no, liksom Tenarane i Byane. Det er fint
det, maa vita. Hustavla er avteki, jamvel paa det
gudelege Jæren; daa visst er dei Bödi avtekne som
galdt for Tenarar og Ungdom. Det vert meir og meir
Tenarane som maa raade for Huse no, serleg um
Nætane. Og Husbondsfolke trøytnar meir og meir av
aa vera nalvframande i sine eigne Hus. Det driv i
det heile meir og meir burt fraa det gamle Husstelle.
Paa Land som i By.

Det vert Borni som meir og meir maa hjelpe til.
No er det nok so at Staten tek Borni fraa Heimen
meir enn godt er. Og lærer deim soleis upp, at dei
skundar seg til Byn so snart dei er framslöpne. Men
noko Hjelp kann Borni endaa gjera. Dei yngste veks
til ettersom dei eldste fer burt, so at Huse klarar seg
paa ei Vis likevel, med eit Grand Leige-Hjelp i
Onne-Tidir.

So for det fyrste daa.

Men meir og meir maa det koma upp ein ny Maate
med sjølve Jordbruke. Gardane vert etterkvart
sund-skifte, til dess kvar Mann hev eit Stykke som ikkje
er større enn at han med Gognir og gode
Arbeidsveide greider det sjølv, so i det heile daa. Men dette
Stykke arbeider han so godt upp, at det gjev av seg
som ein Gard no for Tidi.

Dette med Smaabruk er ein Tanke som eg trur
ikkje lite paa, serleg daa Bror min, han Jon Garborg,
som er jordbrukslærd („Agronom") og mange Aars
Gardbrukar, hev sagt meg at han au trur det maa
skipa seg meir og meir so. Etterkvart maa daa meir
Sambruk og Samdrift au koma upp, liksom det alt er
komi Samdrift i Mjølkehandelen.

Jordbruksskular maa me faa som der er Gagn i, og

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:50 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/7-1909/0333.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free