Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
326
KNUDAHEIBREV
som ikkje er For dyre, Skular paa Lag som süme av
vaare vestlandske, eller endaa meir som dei skotske,
Skular som legg seg etter aa lære upp Jordbrukarar
meir enn „Assistentar".
Med Mjølkebruk og Landhandlarar fylgjer nye Vegar.
Ein slik ein, og det ein storfin ein, er lagd fraa Bryne
til Undheim, so at Mjølki fraa desse Sørbygdine gjeng
til Bryne no, og ikkje til Nærbø som fyrr, endaa
Nærbø ligg nærare.
Denne nye Vegen hev daa vorti min Veg au. Han
er betre lagd end den gamle og ikkje so bakkut; den
gamle gjekk beint paa alle dei Bakkane han yvi kunde
koma, han. Det var det, ser du, at han baade var
rædd Myrane og dertil skulde innum paa Gardane all
Stad. Eg tek til aa eldast no og likar ikkje Bakkar.
Den nye Vegen gjeng dertil alltid noko-so-nær
bein-leides, slær ikkje so mangi Bugtir paa seg som den
gamle.
Men so kann eg stundom faa det imot ’n, at han
er altfor regelrett, og held seg altfor strengt til
Laag-lende. Herre Gud; eit lite Kast paa seg kunde han
daa gjera so no og daa; ein skal ikkje vera altfor
full-komin heller. Men nei. Han er gamall og klok stødt,
han, so ny han er.
Det hender daa at eg vert leid ’n og tek
Gamlevegen kor som er. Det er min Veg iikevel det, naar
Sanningi skal fram. Ny-Vegen hev ingenting aa
fortelja meg; den gamle er Vegen fraa mi Tid og Vegen
med mine Minne. Og um Bakkane hans kann vera
tunge stundom, so er det so mykje gildare naar ein
fyrst hev vunni Høgdi. Eg anda aldri so lett i dei
unge Aar som naar eg var komin framum Mossige og
nordpaa Fossebakkane, og derifraa saag ut yvi heile
Mid-Jæren og langt til Sjøs; og enno kjenner eg meg
lett og fri paa dei Høgdine.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>