Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
KN UDA HEI BREV
327
Helg er det au yvi denne Vegen. Han gjeng til
Kyrkja og gøymer Kyrkjeminne. Her gjekk me um
Sundags Morgnane naar det var godt Ver, og rødde
med Kjenningar og saag paa Folke. Paa Gjentune
med, veit eg, naar dei var vene. Litegrand Trolldom
er det kannhende au nordetter denne Vegen; eg hev
aldri vori fulltrygg paa Fosseheidane naar det var myrkt.
Og minst ’med Foss-Bruno, der Elvi tvikløyvd, i tvo
staselege Stup, kvitnar ned yvi aat Storhylen millom
dei svarte Bergveggine. Det hev visst vori baade eitt
og anna aa høyre og sjaa der i gamall Tid, ja ikkje
lenger sidan enn daa gamle Lomelanden gjekk og
vassa i Aai nedanum Fossen og fiska Perlur. Eg tor
ikkje nett sverja paa at det er nokon Fossegrim. Men
kann Austlande sverja so mykje tryggare paa sine
Grimar, trur du?
X.
Knudaheibakken 16. 6. 1902.
Du Steinar!
Mange Takk for Boki. Ho vil vera meg Sellskap
og Hjelp i einslege Stundir mang ein Gong. For med
dine Skulebøkar er der det serskilde at ein les deim
um ein ikkje hev deim til Lekse.
Det trengst mange Bøkar til Hjelp for Skulen. Me
norske driv mest paa med Dikt, me. Men Folk kann
kje liva av Dikt meir enn av Luft. Luft maa til; og
Dikt maa til. Men fast Næring maa vera Grunnlage.
At Hægstad arbeider med dei gamle Kongebrevi er
gildt; endeleg hev me der fengi ein Mann som kann
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>