Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
KNU DAH EI BREV
333
leiv til „Gunnleff"; Helga vert likt med Helge, Torgerd
med Torgeir o. s. fr. All denne Villska hev sjølvsagt
gjort sitt til at dei norske Namni kom av Bruk, og at
Jødane strøymde inn fraa baade det gamle og det nye
Testamente. Folke sjølv hjelpte trottugt til. Fiffa paa
dei gamle Namni med nye Rovur — Guri vart Gurina,
Jorunn vart Jorenn og Jorina o. s. fr. —, og stasa og
pynta med all den Framanddom dei kunde faa Tak i.
Men gode Jordbrukarar og Hagemennar hev Prestane
ofte vori, og stundom gode Lærarar i desse Kunstine
med, liksom Prestekonune mykje meir fyrr enn no hev
kunna vera Lærarar i Husstell og Innearbeid; stundom
hev dei vori Doktarar med. So den eine Tidi kann
ikkje hava so mykje aa lata den andre høyre. —
—• Den Mannen som i Dag var inn-um høyrer til
same Ætti som gamle Presten Juel. Sjølv hev han
ikkje noko med Kyrkja aa gjera; det er Jordbruke han
bryr seg um; han er Utskiftningsformann. Men han
hadde Greide paa baade gamalt og nytt, og me rødde
um mangt og mykje. Det var som han med det han
fortalde og greidde ut for meg knytte baade Knudaheio
og meg fastare inn-aat det gamle rette Jæren.
Noko kann vel dette hange ihop med ei Avtale eg
fekk gjort med Utskiftningsformannen, og som liksom
gjer meg meir heime — og Herre — i Knudaheio
enn eg fyrr hev vori. Det skal vera Utskifting her
paa Undheim um eit Bil; og no hev eg Lovnad paa
at „Garden" min skal bli skyldsett og innførd i Bøkane
med same. Kor glad eg er for dette skynar ikkje du,
By-Kroken; men eg er Bonde og Bondejurist og trur
ikkje rett paa nokon Ting, fyrr det er komi i Bøkane.
Quod non in aciis non in mundo, veit du; det som
ikkje er bokført er ikkje til.
No er Knudaheibakken til; Knudaheibakken er
Gardsnamne. Quod felix faustumque!
u
Quod felix }’.: til Lykke !
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>