- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VII. Brev. /
334

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

334

KNUDAHEIBREV

Moten raar paa Jæren med; Gjentune tek til aa
gaa med Hattar.

Dei myrke Silkeploggi som kom i Bruk etter Snippen
og Huva tok seg godt ut og var lettvinne og laglege.
Men heilt fornøgde hev vel ikkje Gjentune vori med
deim. Dessutan skal Kvinnfolki vera sjølvstendige no,
veit du, og herme etter Mannfolki.

Dei Kvendehattane eg enno hev sétt skal elles ha
den Ros, at det ikkje er dei vanlege
Tenestgjente-hattane fraa Byn. Det er greide ærlege Halmhattar
eller „Straahattar" som Gjentune lagar sjølve; og dei
tek seg godt ut. Noko vide er dei; Vinden ruskar i
deim stridt mykje; men det vil vel Gjentune etterkvart
finne ei Raad med.

I denne Vindheimen var det vel elles best um
Hattane fekk Luve-Svip. Ja det som høvde best for Jæren
var den islandske Luva. Tru me kunde finne att noko
av Island, liksom der no er Tanke um aa finne att
noko av Færøyom? Dei hev vori svært burtkomne
for oss, desse gamle Broderlandi. No tek Stavanger
til aa finne Handelsvegar der burt; kunde fleire Vegar
opne seg? — Og Islands-Kvendi er dei som hev berga
mest av det gamalnorske Adels-Lage, veit me.

Nokon Heimebunad („Nationaldragt"!) hev me ikkje
lenger paa Jæren. Ein Karmannsbunad hev me havt
for ikkje so lengi sidan1; og ein Kvenmannsbunad hev
me vel au havt; men den hev eg aldri høyrt gjeti. Utan
Snippen og Huva daa; men den Stasen var vel
hollandsk? Det er daa her som elles: naar
Heime-bunaden er burte gjeng Folk i avlagde Byklæde.
By-Motane liksom spøkjer paa Lande eit BU, naar dei
hev havt si vesle braakande Livetid i Byen. Men i
denne Skrymtetidi paa Lande vert Paris-Motane endaa
meir avskapte enn dei i Byane var.

1 Han var um Lag som Hallingbunaden; gamle Ole
Taar-land gjesta meg i Knudaheio i Aar klædd i den.

(Merknad 1909.)

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:50 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/7-1909/0342.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free