- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VII. Brev. /
335

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

KN UDA HEI BREV

335

Um German-Landi nokon Gong lærer uppatt det dei
kunde fyrr: aa klæde seg sjølve? — Dei franske
Motane høver berre so maateleg aat Germanar. Og
fram-ifraa lite høver dei aat staute ljose German-Kvende.
Eg gløymer aldri kor forundra eg vart daa eg kom ril
Paris og fekk sjaa franske Motar paa franskt; daa vart
desse Motane vene! Det var vel det at dei høyrde
heime der. Det som her i German-Landi vert flaasut
og stundom flogsut, var lett, fint, yndefullt der i
Heimen sin. Underlegt, at vaare German-Kvende med
sine gode Hovud skal skyna seg so lite paa denne
store Kvinnesaki! Men dei lærer vel. I Engelland
skal dei alt vera eit godt Stykke paa Veg, segjer dei
skræddarkloke. I Tyskland med vert det arbeidt; og
dette Musik-Lande burde i Klædevegen kunne skapa
fine Ting. Men Tyskland er endaa meir Vitskapsland;
og „Reform"-Tankar og Ættefrelse kjem svært ofte i
Vegen for det fagre.

— Matstelle er i Skifting paa Jæren som andre
Stadir; Jønnvegen gjer mykje, og det nye Mjølkestelle
hjelper til. Liksom og den nye Skulen. Kvendi hev
funni ut at „der er vigtigere Ting i Livet end at
føde Børn og låve Mad" ; og so vil dei helst vera
„-indar".

Men süme tenkjer paa Heim og Gardmannsliv; og
dei tek til no og vil lære Matstell att. Ikkje heime
veit du; dei maa paa Skular naar dei skal lære
Heime-stell, liksom Gutane maa paa Skule og lære Jordbruk.
Paa Hushalds-Skulane gjeng dei daa og høyrer
„Foredrag", og ser paa ei Lærar-„inda" som kokar og steller.
Det er paa Lag som ein Gut vilde tru at han kunde
bli Smed av aa høyre Fyrilesningar um Smedkunst og
dertil stundom sjaa paa Smed-Arbeid. Men alt maa
hava si Tid. Det vert med Kvendi som det meir og
meir vert med oss Karar: upp-att, upp-att, upp-att maa
me lære alt det som me hev meint at me kunde
halvsove oss til i nokre Skuletimar. I det heile: naar me

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:50 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/7-1909/0343.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free