- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VII. Brev. /
336

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

336

KNUDAHEIBREV

hev gjort Narr av Fedrane og Mødrane vaare lengi
nok, so er Enden paa Visa den at me lyt smaameinke
oss til aa gange i Skule hjaa Fedrar og Mødrar att,
og lære av deim netupp det som var det vigtigaste.

Me skal ikkje misse Mode. Uhugen til Arbeid er
ein gamall norsk Sjukdom; vil me no helst sitja paa
ein Skulebenk, so var det fyrr Vikingferdir som var
det gildaste. Og daa me ikkje lenger kunde klara oss
med det, tok ine til med Skreppehandel og Land-Reking;
alt Magnus Lagabøtar laut gjeva Lovir mot slikt. Serleg
me Bøndar hev so lengi høyrt at Arbeide, og helst
Jordarbeide, er ei Syndestraff, at no trur me det, og
takkar av Hjarta Riksmagtine som hjelper oss burt fraa
dette Straffarbeide og inn paa Krambu so godt dei kann.

Men me fær tru paa Livslovine. Dei er strenge dei,
og lét seg ikkje lengi fante med; og likevel er dei
helsesame i Grunnen. Og naar alt kjem ihop so kann
Folke deim, og hugsar deim med, naar Tidine krev
det. Lat Arbeide vera ei Syndestraff. Folke skynar
betre enn nokon Prest, at denne Syndestraffi er ei
Tukting til Frelse.

Ikkje all Ungdom gjeng „ Krambu"-Vegen. Eller den
breide Vegen til Amerika. Meir og meir lærer
Ungdomen aa sjaa, at her er so mykje heime aa gjera og aa
vinne, at di meir me legg oss paa det Arbeide som
her trengst, di fyrr vil den Dagen koma daa Lande
føder tri Gongir so mange Millionar tri Gongir so godt.
Men til aa faa det Arbeide i Gang trengst det ingin
„Krambu"-Skule. Det trengst ein Barneskule som gjev
alle den Kunnskapen som alle maa hava; og sidan trengst
det serskild Upplæring for Jordbrukarar, Handverkarar,
Krambu-Gutar, Skulemeistrar, Embættsmennar, Arbeidarar
av alle Slag, men Upplæring som lærer Ungdomen aa
arbeide. I surne Tilfelle, soleis ofte i Bondelive,
vil Heimen sjølv vera den beste Arbeidsskulen.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:50 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/7-1909/0344.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free