Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
KN UDA HEI BREV
337
D’er snodigt. So langt som me no etter alle
rimelege Rekningar skulde vera komne, og trudde me var
komne; — etter alt Bondestyre i alle vaare Thing;
etter Bøndar jamvel i Kongens Raad; etter alle Slag
Skular baade her og der, og „Land"bruksskular ikkje
minst, gildare og gildare, meir og meir storfine, alt
upp til Jordbruks-Høgskulen som so nær hadde vorti
heitande Jordbruks-„Universitetet" attpaa, med
„Professorer i Landbrug" og alle høge Ting, — me hev meir
att aa lære enn me nokor Tid hev havt.
Men so er det. Stasen ét seg sjølv upp. Ingin fann
paa aa laga Styreverk og Skuleverk som var etter vaar
Raad og etter vaare Krav; Halvklokskap og Halvlærdom
raadde; stort, d. v. s. framandt, maatte alt vera.
Serleg galdt dette for Jordbruke. Det var so simpelt
det, stakkar, so det laut me pynte upp med mest
Framanddom. Bonden, som til alle sine andre Byrdir
hev fengi desse gilde „Assistent"-Skulane au aa dragast
med, undrast visst meir og meir paa kvar dette
By-Jordbruke skal bera av. Ja det ber nok til Amerika.
Men dit kunde han koma med mindre Braak!
Eg maa so tidt minnast det Orde hans Far fraa hans
sjuke Tid: at me skal spreidast yvi Jordi. Det ser meg
stundom ut som det Orde skulde kunna koma til aa
gjelde for meir enn Garborgs-Ætti. Det ber paa Viddi
med Folke meir enn rimelegt. Meir enn rimelegt
jamvel for Vikingsønir. Det er ikkje sant at her er laake
Tidir for Jordbruke. Det hev vori mykje verre fyrr.
Eg les um dette no, og skal kannhende fortelja deg
meir um det; mykje verre hev det vori. Men Folk
kjenner seg framande. Og Utferdstraumen veks.
Veks meir og meir di fleire som fer; dei som ut
er komne lokkar kvar sine etter seg. Ja her er dei
som gjer seg beintfram til Utvandringshjelparar. Ein
er eg komin ut for som jamvel vil amerikane sjølve
Norig; Breve hans, som eg fekk fraa ein By i Australia
her eit Bil sidan, er i so Maate so „norskt" at eg fær
22 — Garborg. VII.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>