Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
KN UDA HEI BREV
339
Framtak i. Kann me tru paa ei Tid daa Heimhugen
vaknar att i dette framandvortne Folke, som dertil snart
hev likso mange av Borni sine burte som heime?
Vonlaust skulde det ikkje vera. Dei utfarne lengtar
heim att, mindre og meir. Det er nok gildt i
Stor-heimen. Og i Norig, der er ikkje alt gildt. Men
d’er løje med det. Heime er heime korleis det snur.
Det kjenner dei no daa dei er utkomne, —- mange
daa visst
Heimkjensla er sterk. Kan me faa ho til aa vakne
fyrr dei unge fer ut? Eller faa ho til aa vekse, so
ho driv dei utfarne heim att naar ute er freista?
Mange trur dette. Dei trur jamvel at Amerika vert
oss til Hjelp; for i Amerika lærer Folk aa arbeide.
Etter som Tidi gjeng og Amerika vert trengre, skulde
daa meir og meir Utfararane finne heim att, liksom
franske, tyske, italiske Utvandrarar jamt søkjer heim
naar dei i Amerika hev tent seg upp noko.
Kven veit? Det viser seg alt her og der ein
amerikansk-norsk Heimfarar. Paa Jæren hev eg høyrt
gjeti fleire. Enno gjeng det gjerne so at dei fær av
att. Dei trivst ikkje her. Den norske Fridomen er
større enn den amerikanske paa Papire; men dei
kjenner seg ufrie i Norig likevel. Og so er det so
daudt her. So lite Tiltak og Framtak og Mod. Det er
for trongt og for traatt for deim i dette heimlause,
halvdaude Norig.
Eg kjende ein av desse heimkomne Sønine. Det var
ein modig Maur. Og han greidde det lengi. Fekk seg
ein Jord-Bite midt i svartaste Lyngheidi og dyrka den
upp til eit lite Mynster av Hagebruk. Vilde vise Folk
at slikt let seg gjera. Austanum Have likso vel som
vestanum. Folk glodde. Undrast. Smaaflirde. Trudde
kje paa det. Mannen hadde vel Pengar i Amerika.
1 Hans Seiand skriv um dette i eit av Amerikabrevi sine;
stilt og braakfritt fortel han, som hans Vis er; men ein skynar,
at t’or dei fleste er det ingin Leik likevel aa skifte Heimland.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>