- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VII. Brev. /
340

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

340

KNUDAHEIBREV

Berre med Arbeid greidde ein seg ikkje so godt. Her
til Lands daa. Ne—ei. Og dei strøymde til Amerika
som fyrr. Sistpaa vart Mannen leid av aa sitja der
aaleine paa Heidi si. Han er farin til Amerika att, og
kjem visst aldri heim meir.

Andre heimkomne Amerikafararar hev freista med
Gardbruk. Ein veit eg um som hev greidt dette. Han
hev teki det paa amerikansk, og jærsk, Maate: bygt
smaatt — so nær som Løo og Fjose — og arbeidt
godt; han skal klara seg fint og vera glad for han er
heimkomin. Det læt seg gjera aa finne heim att! —
skulde dermed denne Mannen ha vist. Etterkvart maatte
fleire kunna lære dette. Og koma heim att, og dyrke
nytt Land, og lære Folk aa arbeide. Det vilde i mange
Maatar gjera godt. Setja nytt Mod i Heimefolke.
Kveikje nye Tankar og gjeva ny Framhug. Det e r
ei Von.

Og so er Norig eit Æventyrland. Utenkt hender
stundom. Kunde me berre hjelpe til som me skulde––

Gjera det heimslegare for dei unge i Norig; gjera
det lettare for deim aa arbeide seg fram. Lata deim
lære det dei turvte og ikkje tvinge deim inn paa den
eller den serskilde Leid; og lata deim lære det dei
turvte paa lettaste Maaten, og paa heimslegaste
Maaten, so dei ikkje fekk Framandkjensla i seg fraa
Barndomen av. Og so lata deim faa lære Arbeid som dei
kunde hjelpe seg med, og hjelpe Lande upp med, so
her etterkvart vart romslegare, lettare, tryggare. Og
faa Landsstyre soleis stelt at me fekk fleire av desse
unge Bøndane inn i Tinge, so Riksstyre kunde faa
gjort anna enn skipa nye Embætte og sprengje
Riks-kassa . . . Tru det ikkje daa skulde kunna laga seg
smaatt um Senn?

— Huh ; Kaldt! Ut og gange . . .

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:50 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/7-1909/0348.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free