- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VII. Brev. /
341

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

KN UDA HEI BREV

341

„Spara." Det er ikkje sant at me norske er sparsame.

Me sparar naar Kassa er tom. Men hev me noko,
eller fær me laane noko, so gjeng det.

Ingin Ting er so spelegt for Norig som gode Tidir.
Daa segjer me som Kjeringi: skal me spara baade naar
me hev noko og naar me ikkje hev noko? Ein skal
i det heile ikkje spara paa det som der er nok av,
tykkjer me. Det ein sparar for sin Munn, det ét Katt
og Hund. Den som sparar til Morgons, sparar aat
Mysom.

Der er ikkje lite av Fante-Arti i oss. Eller um me
heller skal segja at me er for unge? For lite røynde;
hev livt for mykje i Draum? Vaksne Folk veit, at vil
ein spara so fær ein spara med’ ein hev noko aa spara
paa. Men det hugsar ikkje me. Naar Tidine er gode
gløymer me Sparetanken. Nett i dei gode Tidine var
det me grov os ned i Hundramillion-Skuld.

Nokre Futar vart innsparde etter ein gamall
Bonde-tanke; dess lettare gjekk det aa faa nye Embætte upp.
For det er d e t som er aa „hjelpe fram Lande" her i
Norig: aa styrkje Embættsverke. Nye Kantor og
Kantorsitjarar, det er Vegen fram, meiner dette gamle
danske Byrokratie. I det heile: Riks-Tiltak paa alle
Leidir, det er det me trur paa; og di dyrare desse
Tiltaki er, di meir trur me paa deim. Ikkje minst
driv me paa med aa byggje Vegar og Jønnvegar, baade
der det trengst og der det ikkje kunde haste; ofte
berre for di at naar den eine Bygdi fær noko, so lyt
den andre faa noko den med. Og so Byggverk av
andre Slag, Galnehus, Sjukehus, Fantehus,
Parte-ments-hus; Herreborgir som glimar; store; gilde;
milliondyre; Nationen verdige. Fanden spare! er det
norskaste av alle norske Ord.

Enno gjeng det. Strjukande. So lengi Tidine er
gode vaknar me ikkje. Land, Byar, Bygdir,
Kvarmann, dei kappast um kven som kann øyde mest og
skuldbinde seg mest „i desse gode Tidine". Framgang

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:50 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/7-1909/0349.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free