- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VII. Brev. /
342

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

342

KNUDAHEIBREV

maa til! Naar dei gcde Tidine og dei laante
Hundrad-Millionane er til Endes, so fær me spara; daa er me
nøydde til!

— Det susar um Novine og driv mot Glasi. Dei
snaude sprengde Knausane der ute stend vaate og
graae og samtykkjer i alt. D’er ikkje faarlegt, segjer
Knausane. D’er so Verdi framfari. Spéla upp? Det
er mange Land som hev spéla upp. 1 1814 og
utetter spéla Norig upp tvo Gongir. Og det gjekk godt.
All Ting gjeng. Og korleis det gjeng og ikkje gjeng,
so gjeng det daa eileis . . .

— Me norske, me er slike Diktarar. Og det
er nok godt det. Ein maa noko taka seg til, ser du!

Me ser me er arme og smaae. Kann ingin Ting
klara her i Verdi; vinn ikkje so mykje som leggje Tak
paa vaart eigi Hus. So var her ikkje anna aa gjera!
Klunke paa Fela og laga Vers. Vene, fine Vers. Og
det hev me haldi paa med sidan. Og fær ikkje lite
Ros for desse vene Versi.

Og Spél hev me laga paa norskt provinsdanskt; dei
vert umsette og spéla Europa rundt. Og eit gildt
Spélhus hev me bygt, som —; ja, Stakkar, det er
ikke full-trygt paa seg sjølv, og gjer daa som
Bjerke-bæk; bannar paa at det er norskt; set
„Nationaltheatret" med store Bokstavar yvi Inngangsdøri.

Alt ser gildt ut. Men ein Dag vil det vakne ei Ætt
som set si Ære i Verk og ikkje i Vers, i Arbeid og
ikkje i Forgylling. Arbeid, Arbeid; aa gjev eg var
Bonde paa Jæren og gjorde noko til Gagns. Bøkar?
Herre Gud. Den som kann dikte Kvad fær Folk til
aa kveda betre enn alle Song-Lag; og den som elles
hev noko paa Hjarta fær alltid gjenom lange Aar laga

Verdi framfari: som Verdi alltid hev gjengi. — eileis:
paa ein Maate.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:50 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/7-1909/0350.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free