- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VII. Brev. /
343

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

KN UDA HEI BREV

343

ei Bok, naar han i sine Fristundir kviler og ser paa
Verdi. Og meir enn ei Bok skriv me ikkje nokon
av oss, hev ein klok Kar sagt. Tenk; eit
Bokmakar-stand . . .

Sundag.

Det var godt Vér i Dag, serleg i Middagstidi og
ut-etter.

Eg gjekk og tenkte paa ei lang Fjellferd. So ser
eg ut gjenom Vindauga; der kjem eit Menneskje. Naah,
so gjev hin og den —! Hm. Det var visst ingin
Bymann. Kven kunde det vera, tru? Kven skulde
eg segja det var? — Mi Sann og Tru, det var
Kjennsfolk.

Kjennsfolk av deim som ein ikkje kvar Dag raakar.
Ein Kjenning fraa Heim og Barnetid.

Ein av dei gamle Drengine vaare. Eg hugsar ikkje
den Tidi daa han tente paa Garborg; eg var for litin
daa. Men han vanka hjaa oss sidan med, og var
alltid velkomin.

Eg møtte ’n i Døri. Han var noko meir
graa-ruskin enn fyrr; elles sin same. Me helsa paa
einannan og takka for sist. Og var trast kjende. Han
sette seg i Benken burt-med Vindaugo, som Gjestir
skal gjera. So kom me i Drøs.

Det kaldvaate Sümar-Vére vart nytta til Inngang.
Me fekk elles tru, sa Gjesten min, at det var ein som
styrde alt. Og han fekk styre som han saag det var
best for oss. Eg visste kje onnor Raad eg heller. Og
snart var me i Radl um gamle Dagar.

Han rødde um Folke mitt, fraa ’n Farfar av som
han hadde kjent godt. Eivind Knutson visste han
helst um fraa Far sin. Mangt og mykje fortalde han
um dei gamle og deira Tid. Han hadde betre Greide

Radl (les Radd’l): Drøs; „Passiar".

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:50 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/7-1909/0351.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free