Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
344
KNUDAHEIBREV
paa Ætti mi enn eg hadde sjølv; og eg vart som so
heime i denne Stundi.
Mest fortalde han um Far min som han hadde kjent
fraa Ungdomen av. Det var tungt at det skulde gaa
so gali med han Eivind Garborg. Det hadde nok
ingin tenkt det. Men Guds Vegar er ikkje vaare
Vegar.
Han Far hadde elles alltid vori aalvorsam av seg.
Süme totte endaa det fylgde som ei Frygt med ’n.
Men alle hadde sett han høgt, baade daa han var
Skulemeistar og sidan. Han vart ein av dei mest
kjende Mennane her ikring au. I dei siste Aari daa
han var med i denne nye Matrikkel-Greida, vart han
kjend i kvart Hus rundt heile Sokni. Og alle trudde
vel um han Eivind Garborg. Det var reint ein vond
Støkk som gjekk gjenom Bygdine daa dette syrgjelege
hende.
Me kom inn paa mykje og mangt. Heimkjensla,
Bygdekjensla vakna i meg; eg var Garborgsmann som
fyrr og heime i Grendi. Dess sterkare kom det upp
for meg alt det eg hadde misst, og kva det hadde paa
seg i Grunnen at eg var komin so burt fraa mitt eigi.
Det var ei Stund eg kunde ha gjevi meir enn mykje
for aa faa att det som var forspillt: Ætteheimen og
Rome millom Jamningar.
Mange av Folke fraa mi Tid vart nemnde ; no var
dei for det meste burte, burtfarne eller burtfallne. Eg
hugsa dei fleste, um dei ikkje stod so klaart for meg
no lenger. Men süme hadde eg gløymt. Og meir og
meir framand vart eg etterkvart som han kom fram-i
dei seinare Tidir. Mindre og mindre hadde eg der
vori med. Det vart reint leidt etterkvart. Det var
som Band brast millom Heimen min og meg kvar
Gong han nemnde Namn som eg ikkje kjende.
Han kom innpaa „all denne Amerika-Faringjo", og
tala serleg um den store Utferdi no i Vaar. Snart-
Støkk: Kvekk; Rædsle.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>