Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
346
KNUDAHEIBREV
mitt. Inkje noko vert gamalt som høyrer meg til.
Naar Samanhenge er broti —. Det er som med Lande.
Det heng ikkje ihop med seg sjølv. Det er
gjenom-gravi med Rottegangar og Musehöl. Dipp, dapp. Og
det morknar og svartnar av Tak-Dröpar og Mygl.
Dipp, dapp; dipp, dapp . . .
— Koppar! — Eg finn Koppar og Kjerald og gjeng
paa Lofte. Eit Kjerald under kvar Drope. Men
Dropane aukar og Kjeraldi minkar. Dipp; dipp; dapp . . .
Ned etter nye Kjerald. Spand, Diskar, Fat, Byttur,
kva som helst. Betre daud enn raadlaus.
Ute sturt-regner det. Det durar um Huse eit døyvt
Brak i Takt og Traav som av ei ridande Trollskreid.
Og naar eg hev greidt dei Dropane som dryp, kjem
dei Dropane som renn. Dei er det ingi Raad med.
Naa! Huse held alltid meg ut. Og held ikkje det
meg ut, so held eg det ut; det hadde kannhende
færre venta!
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>