- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VII. Brev. /
347

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

KN UDA HEI BREV

347

dansen, den ho no hev sétt og lært der han liver fraa
gamalt. Og kann ho faa gjera noko til aa vekkje upp
att denne Leiken i Norig, vil ho tykkje som eg: at ho
hev gjort eit godt Verk.

Mykje gamalt Mod, mykje gamall Manndom og
Ungdom vil vakne upp att gjenom Folkevise-Dansen, denne
Leiken der Sogo vert liksom livande att. Eg kann
tenkje meg ei ny Folkevisedikting au vakne ved den.
Det vilde for ein rett Diktar vera noko anna aa faa
Kvædi sine fram til livande Liv gjenom frisk Leik enn
aa faa deim gravsette i svarte Radir i eit Blad, -— ,,i
det som næste Dag man tørrer Rumpen med", som
den Skjelmen Ludvig Holberg sagde.

No hev Hulda siti her i 8 Dagar i alt dette
Vinddrage og skrivi Brev; og no er ho so skral at i Morgo
vil ho paa Veg til Asker att. Ho hev fengi Nøgdi si
no av desse Regnheimane i og ved Vesthave, daa visst
for det fyrste. Men enno er det eit halvt Tjug Brev
att. Og paa Knudaheibakken finst det berre eit
Blekkhus. Dette Blekkhuse er so halstrongt at det berre
kann svelja det eine av dei tri Penneskafti mine; so
lyt ho hava det. Og eg fær greide meg som eg kann.
Det er etter den nye Bibelen det: Mannen skal vera
Kvinna undergjevin.

Ein god Ting hev ho elles gjort i Knudaheibakken.
Du hev vel ikkje høyrt gjeti den Ulykka som hende
meg her eit Bil sidan; det var det verste som i det
heile kann hende ein Mann fraa det nittande
Hundrad-aare: Setlaboki mi kom burt. Og daa det her i Huse
ingin Stad finst der ei Setlabok kann koma burt, so
visste eg at ho var stoli. Ned-paa Garden kunde dei
endaa fortelja meg um eit Fantefylgje som hadde fari
her nyst; so her var ikkje Tvil lenger. Eg melde
Stuldi til Lensmannen, so eg skulde kunna segja at eg
hadde gjort mitt; men eg venta ikkje aa sjaa Setlaboki
att i denne Verdi. Og daa visst ikkje Setlane.

So kom Kjeringi. Ho trudde kje paa denne Tjuve-

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:50 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/7-1909/0355.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free