- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VII. Brev. /
349

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

KN UDA HEI BREV

349

vorti so vidt Jærbu at eg meir og meir tykkjest finne
Svar paa dette Spursmaale hjaa Profeten fraa Nasaret.
Ikkje han Helvit-Prædikanten som Kyrkja set upp; Jesus
meiner eg, han i Testamente som ingin lenger les;
han som sagde det største Orde som enno i denne Verdi
hev vori sagt: at Gud er Faderen.

Men so er det Maten. Korleis me skal faa nok av
den. Her er det vrangare. Me hev nok det heilage
Böde um Arbeide. Men so hev Fenden blanda seg
inn med sitt store Paafynster Rikdom, som dreg med seg
Armod; og so stend me der. Eg hev stræva med
baade Sosialisme og Anarkisme. Og mykje er det der
som kann gjeva Von. Serleg i Anarkismen, som er
d. s. s. Styrarløyse, heilt Sjølvstyre; Sosialismen eller
Samfundsstyre kom vel til aa ala stridt mykje Styring,
er eg rædd. Men kor som er og ikkje er: med all
slik Visdom er det langt fram; og her gjeng Folk og
svelt ihel kvar Dag. Eller svelt av inn-paa Tukthus
og andre slike Mildeverk. Der hev dei det visst elles
godt; serleg her i Norig, der Staten byggjer
Herre-borgir aat deim som kann vise Brev for seg paa at dei
hev stöli eller drepi. Men all den Stakkaren scm
ikkje kann vise slike Brev; i det heile dei som ikkje
duger korkje til aa stela eller drepa, korkje beintfram
eller paa vanleg kristeleg Samfundsvis, kva Raad skal
her vera for deim? •— that is the question.

Du meiner at Spursmaal av det Slage skal eg slaa
fraa meg, daa eg ikkje greider deim kor-som-er. Ja.
Eg hev freista med det. Men det er ikkje so
beintfram. I Dag kom det ein Tiggar; i Natt kjem det ein
Tjuv; og her gjeng eg aaleine og utanfor all Kultur, so
eg hev kje so mykje som eit Ølhus aa berge meg av
paa naar Tankane vert for urolege. Og so er det det,
at ... ja du skynar at naar ein sjølv liver paa
Sam-fundskassa — —

Ja men eg arbeider daa, eg med, paa min Maate?
— Tøv; er det Arbeid? Det skulde kje vera anna

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:50 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/7-1909/0357.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free