Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
350
KNUDAHEIBREV
enn Kvile i Fristundir. — Ja men daa vart det Arbeid
der etter. — Daa vart det best; og elles kann det vera
det same; Bøkar hev me nok av. — Ja men eg gjer
daa alltid likso mykje Gagn eg som ein vanleg
Parte-ments-Lars? — Ja men baade meg og
Partements-Lars kunde dei hive paa Dungen. — Nei, men - !
Jau, men —! Nei, men —■! — Naah.
Huff; d’er vel dette ævelege Ruske-Vére som gjer
meg so filosofisk.
Ruske-Vér, ja. November-Vér midt paa Sumaren.
Tek Vaarherre til aa eldast, so han ikkje hev Greide
paa Primstaven lenger? Her er so kaldruski at eg kjem
ikkje i Gang med aa skrive. Omnen? Ja; eg hev
freista med Omnen. Men det hev seg ikkje aa brenne
i Omnen Sümar Dag. Ein vert ikkje varm av det
heller. Berre meir kruslin.
So gjeng eg og driv. Skriv nokre Linur; driv att.
Hengjer paa meg alle mine Klædeplagg og Filiur; gjeng
Golve att og fram, og blæs i Hendane og smaafrys;
vert det Sümar i Aar?
Og denne Stogo mi som elles er so gild, ho er
ikkje bygd for slikt Ver. Eg bur som Fuglen under
Himilen, kann eg mest segja. Soli kjem vel ikkje inn
utan paa lovleg Veg; men Vinden leikar fritt; og Regn
hev eg inne mest likso godt som ute.
Det var nok gali med denne Torv-Tögo kör-so.
Torv-Tökur er for fastbuande Folk som kann halde
sine Hus i Stand, og ikke for Farafantar av mitt Slag.
Elles maa eg segja eg kjenner ikkje att dette Vére.
Det kunde vera Regnsümrar fyrr; eg hugsar nok det
„vaada Aare", 1860, som fylgde det „turra" i 1859.
Men kaldt var det daa ikkje. Kalde Vaarar hugsar eg.
Primstaven: Almanakka. — det hev seg ikkje: feil
seg ikkje; høver ikkje. Toga: Töku; Tak.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>