Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
KN UDA HEI BREV
351
Ein Jonsokdag gjekk eg og køyrde Mittingmold, og
fraus so Fingrane var stive. Og Snøfillur dreiv i Lufti
rett som det var. Men naar det fyrst vart Sumar,
so var det Sumar.
No er det Fyri-Vaar og Seinhaust heile Sumaren
ut-igjenom. Raa-kaldt, hustri, uhuglegt. Kaldskodde
og Kaldregn i Einingi. Koss kann det vera; kva skal
det spaa?
Er det Vérlage som skifter? Tek Golfstraumen ny
Leid; svingar Jordkula og fær Nordpol lenger sud;
held Soli paa aa slokne; skal me inn i ei ny Istid;
eller er det berre eg som hev vorti eit Stakkarsting?
Eg skulde finne meg i eit „vaatt Aar", med Fossing
og Fløyming og Torebrak og Ramling og Domedags
Dunder og Blaablenkjing og Brand-Ljon so det fræste
og lukta svidt, og Myrar og Forar vart til Sjøar og
Fjordar; det var daa noko. Det er mindre Braak no;
Tora høyrer eg mest aldri. Ljone vert kannhende
døyvt av alle desse Skrive- og Taletraadane allstad?
Mindre Væte er det med; Flaumar vinn det seg aldri
upp til lenger. Men Kalden, Kalden, denne uhuglege
nordvestsure Kalden?
Grannen min her upp-i Mærlio, Mannen hennar
Inger, han Loddvig, han trøyster meg og segjer at det
hev vori likso kalde Sumrar fyrr. Han reknar upp
Aarstal etter Aarstal upp-igjenom; daa og daa var det
likso kaldt som no, og verre, og Rusk og Regn og
raatt; stundom kom Vinteren so tidleg at dei maatte
slaa Aakrane ned til Grønfor; jamvel det Aare daa eg
kom til var det slik ein Ruskesümar. Ja—ja. D’er
godt aa høyre at det ikkje er verre enn det hev vori.
Men so er det vel eg som toler mindre enn fyrr; og
det er kje heller som det skal vera.
Endaa eg visst hev fortent det. Med mitt
Innesitjar-liv gjenom Ævur og Aar. Men huttetu; d’er fælt aa
gange her og smaakulse midt paa Sumaren. Ja stundom
stend Nordvesten inn fraa Isheimane so sur og kald,
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>