Full resolution (JPEG)
- On this page / på denna sida
- Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
KNUHAHEIBREV
353
blaa-svidde og brann gult, og Verdi skangra og skaka
i Tore-Rullingane so ho kunde ramle, — meg skaut
han aldri etter. — —
*
Eit Par Dagar seinare.
Regn, Regn; Blaastr og Regn; Regn og Blaastr;
endelaust.
Eg tullar meg inn i alle mine Fillur, gjeng og driv;
sit og les. Noko Filosofi er det eg hev fengi Tak i,
Livsvisdom kalla dei det fyrr; no segjer me likso
snart Livs-Tull. So les eg til dess eg frys; gjeng
sidan og tenkjer paa det til dess eg vert leid av meg.
Inginting heng ihop. Og endaa heng alting ihop so
reint forbanna. Men med oss heng det slett ikkje
ihop. Det er smaatt upp og stort i Mente. Det
fyrste me treng naar me kjem inn i Verdi er ein
Storvask; og naar me skal ut att, daa er det soleis at
det er ikkje nemnande; dei maa berre grava oss ned
so fort dei kann. Men i Tidi millom Innferdi og
Av-ferdi ét me og drikk og søv og sk . ., og slæst med
Nevar og List og Knivar og Knip, og vildrar og driv
for Ver og for Vindar. Samstundes fær me Heimssogo
i Gang, og lagar Rike og Byar og Dikt og Kunst og
Kyrkjur og Borgir og Himlar og Gudar; d’er
Stakars-dom og stort, Skaparverk og Lort; vil me finne ut
Meiningi med det kjem me paa Daarekista.
— — Regn, Regn; Blaastr og Regn. Naa! Lat
regne. Lat blaase. Her paa Havstrandi høyrer det
til. Folke greider seg i vondt Ver og i godt Vér. Tarv
kje ræddast. Det veit, at med alle sine Kyrkjur
og Prestar og Preikarar og Bønemøte, — naar det
gjeld paa hev det ingin aa lite paa utan seg sjølv. Men
skangra: buldre (om svær, skraldende Larm). — tarv
kje ræddast: „vær ubekymret".
23 — Garborg. VII.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:50 2023
(aronsson)
(download)
<< Previous
Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/7-1909/0361.html