- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VII. Brev. /
359

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

KN UDA HEI BREV

359

stige. Me hev Vegar i Kross og Krok, og Eimbaatar
paa Sjøen og Jønnveg paa Lande, og Skrivetraad og
Taletraad og Landhandlarar og Bankar og alt so
stor-fellt og gildt som det var i Amerika mest. So at um
mykje av denne Stordomen og altfor mykje av Jordi
stend i Pant hjaa Pengejødane, so skulde me ikkje vera
so lite til Karar endaa.

Jordbruke sjølv hev gjengi storveges fram. Folke
hev lært betre Driftsmaatar og fengi betre Arbeidsveide.
Jordi vert plog-rein meir og meir; Hölveiting drivst det
mykje med; og dei pløgjer djupare enn dei spadde.
Like eins hævdar dei betre, og Hævdi sjølv vert betre
samla og stelt, liksom god Kaupehævd vert nytta.
Aar-byte eller Skiftebruk vert drivi mykje meir enn fyrr,
so Jordi held seg meir i Magt; og meir og meir Jord
vert uppdyrka. Dei reknar uppikring 180 000 Maal
dyrka Jord no. Men dei reknar au at det ligg att
udyrka, og det berre paa sjølve Laag-Jæren, ikring ein
halv Million Maal; so at enno kann me kalle Jæren eit
Framtidsland.

Folk hev visst au vorti gløggare og snøggare til aa
leggje seg etter det som til kvar Tid best løner seg.
Dei dyrkar mest Høy og Förvokstrar i denne Mjølketid.
Det vert saatt fem Gongir so mykje Grasfræ som i
mine Dagar, les eg; og sju Gongir meir Jord er nytta
til Rotfrukt-Avling. So er og ei Ku noko reint anna
enn fyrr; ho mjølkar baade meir um Dagen og lenger
um Aare. So at um ho kostar meir aa føde enn fyrr,
so gjev ho au so mykje meir att for Foda. Jordbruke
maa kunna koma seg upp her. Det er ikkje berre
det at Jordi er god; men so er her og serskilt godt
Jordbruks-Vérlag; ein Jordbrukslærd hev sagt at det
finst ikkje aarvissare Stad i heile Europa enn Jæren.

Hagebruke er au komi ikkje so lite upp; i Aar 1900
rekna dei at 1350 Maal Jord vart nytta til Hagar. Og

Foda („Fooa"): Fodring.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:50 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/7-1909/0367.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free