Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
360
KNUDAHEIBREV
det vart rekna ikring 13 000 Aldetre. Det er smaatt
enno, men vil vekse naar det fyrst er i Gang komi.
Ikkje minst hev det auka med Arbeids-Gognverk.
Tusten som fyrr banka so lystigt i alle Laavar hev
tagna av no; der er Treskjegognir all Stad.
Slaatte-gognir som for 25 Aar sidan ikkje fanst skal det no
vera um Lag 800 av; og det aukar med
Jordbruks-gognir jamt, so Gardbrukaren klarar seg med mindre
og mindre Folkehjelp.
Og det trengst. For med Folkehjelpi vil det helst
minke. Paa Lande daa visst. 1 Stavanger, med
Sandnes og Eikersund, hev Folketale auka i dei siste 25
Aari med i alt 12 000; men paa Lande, i nie Herad,
er Aukingi samstundes berre 2 000.
Men Velstande hev auka baade i By og paa Land.
I Byane reknar dei ei Auking paa upp-imot 5 Millionar
i Eign og vel 3 Millionar i Inntekt, eller paa kvart
Menneskje 1 000 og 280 Kronur. For Bygdine finn eg
ikkje Tal. Men „den antagne Formue og Indtægt har
fordoblet sig flere Gange", segjer den Boki der desse
Upplysningane er tekne fraa Verde av Jord og Hus
paa Jæren rekna dei for 25 Aar sidan til i alt
upp-imot 13 Millionar Kronur; no set dei det til upp-imot
30 Millionar.
So Framgang maa her vera.
Eit norskare Landsstyre hadde fari med mindre Braak
og teki det meir med Ro, so me ikkje var komne upp-i
denne fæle Skuldi som vil tyngje og hefte oss lengi.
Du som hev so mykje meir Mod enn eg vil
kannhende segja: er det so faarlegt med den Riksskuldi?
Dei rikaste Landi hev mest Skuld?
Det kann hende det. Men „d’er det som gjer Skilna’n
so stor", at dei rike Landi laanar av seg sjølve. Laanar
Gogn; Gognverk: Maskine.
1 ,J æder-Jern banens Drift og Virksomhed 1878—1903." Men
me maa ikkje gløyme at Pengane er so mykje mindre verde no
enn fyrr.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>