Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
KN UDA HEI BREV
361
innanlands. Dei Rentune Lande maa svara kjem daa
Lande sjølv til Godes. Men me laanar utanlands. Kvar
Renteskilling gjeng daa til Utlande, og kjem aldri
heim att. — —
•
Uslitelegt er det norske Folke. Dei hev ikkje kunna
faa Ende paa det med korkje Vaapen eller Vald eller
Sott eller Sut; og um Vaarherre steikjer med Sol eller
røyter med Regn — —
I Aar er det ille vrangt. Ingin Verme og dermed
ingin Terre. Og ei Regnstund mest kvar Dag. Du
kunde tru her var ikkje anna fyri enn gjeva upp og
lata Høye rotne.
Men Folk klarar seg.
Der er kje Raad med det. Utidir hev det havt nok
av baade fyrr og no, kann eg tru Norigs-Sogo. Det
hev vori Ulred og Sveltihel og Framandvelde og
Svartedaude kvar Stundi. Rett som det var laag
Nordmen-nane og var daude. Men naar ein skulde sjaa seg til,
so var dei kje daude. Dei hadde berre teki seg ei
Kvilestund.
Det maa vera denne Fjell-Lufti. Og denne
Hav-Lufti. Stakkarsdom og Sjukdom vinn ikkje med oss.
Framandsjuken er verst; serleg no. Fraa 1814 av
hev Lande havt sin nationale Svartedaude. Men! —
so veit me kje Ord av fyrr her er norskt Folk att
baade i By og Bygd. Og Arbeide gjeng, og Mode
veks. Samstundes som Tusund paa Tusund og
Hundrad-tusund av dette same Folke stryk sin Kos og aldri
kjem heim att.
Det er eit utrulegt Land. Eit Æventyr-Land. Aldri
veit me nokon Ting. Naar det etter Statistik og
andre Svartebøkar gjeng upp, so gjeng det ned; og naar
det gjeng ned, so at Svartebøkane hev berre Nullar og
Terre: Turk; Ver til aa faa noko turt i.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>