Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
KN UDA HEI BREV
363
so vel som Reinfær. Han skal vera leid, Golvsanden.
Dei trur han ét upp Lunga paa Folk som bur i
sand-straadde Rom. Det skulde daa vera den som var
Skuld i at Jærbuen i desse Bønemøte-Tidir sturtar av
Tæring som av ei onnor Farsott.
Eg veit ikkje kva som sannast kann vera i den Saki.
Skal eg segja som eg meiner, so mistrur eg i dette
Stykke Syndi vel so mykje som Sanden. Dei sit i
Bønemøti sine og sveitar og græt yvi Syndi; og so
naar dei er gjenomsveitte og utgraatne og blaute som
Vaskefillur, so beint ut-i Hav-Vind og Vinterfrost og
gange der og reike Vegane att og fram og radla endaa
ei god Stund um denne kjære Syndi. Det kann bli
Tæring nok av det, skulde eg tru, um ikke Golvsanden
er med. Og gav Lovmakarverke i Kristiansby ei Lov
um at Lækprestane skulde koste Doktar og Likferd
paa alle Lesarar som fær sin Bane av Tæring, so trur
eg Doktarane kunde lata Golvsanden vera i Fred.
Det eg veit er, at heime bruka me Golvsand som
anna Folk, og hadde so gjort Ætt etter Ætt; men like
bringesterke var me. Alle som ein. Eg for min Part
er rædd at var alt so vel i Stand paa meg som Bringa
er, so kunde eg knapt faa døy paa skikkeleg Maate.
Me totte det var friskt med den fine blaae
Hav-sanden paa Golve. Naar Stogo var sopa og
sand-straadd fekk ho ein Daam som av Strand og Sjø; d’er
noko eg ikkje hev kjent Maken til nokon Stad der eg
elles hev fari.
Men dette kom seg kannhende av at eg sjølv fekk
vera med og køyre Golvsand? Naar eg daa sidan saag
frisk Sand paa Golv, var det som eg kjende att
Daa-men fraa Nærlands-Strandane? — tenkjer vel du i di
Kultur-Tru paa Vitskapen.
Ja—ja. Eg skal ikkje stridast med deg um den
Ting. Men desse Sandferdine vaare, dei minnest eg,
maa du tru.
— Det var um Hausten me for, noko langt utpaa
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>