Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
364
KNUD AHEI BREV
helst, naar me var Ferduge med Haust-Stelle heime.
Vére var daa som Falle kunde; ein Gong imillom fint
og fjelgt, men oftast stridt og ruskut. Og Sjøen
deretter daa.
Men med Sjøen er der noko framifraa baade i godt
og vondt Ver. Eg vart still og paa ein Maate rædd
naar eg saag Sjøen, men kom alltid i eit serskilt Lag,
liksom av Høgtid. Friskt var det naar det blés upp
eit Grand, so det kom Liv i Leiken med Bæring og
Kvitskavling, og Sjøen kom sjogande i lange Baarur
som Brimhestar, og kvesste seg til og brotna ned med
Sus og Brus, so Kvitsküme gauv upp etter dei blaae
Sandane. Men gildare var det, og fælslegare, naar det
vart Storm, og Have reiste seg grønt, og valt fram i
Baarur som rullande Berg, sju og nie og tolv paa Rad,
veksande, skræmelege, med Tordyn-Marm, med Skiim
um Mankar som skalv, til dei sturta ihop i blaakvit
Foss med Rökskodda mot Sky og svært Brak, og so
brotne seig av att. Daa takka eg nok Vaarherre at eg
var i Land, og skalv so smaatt i den kalde Vinden og
det lange Dunder; men eg fekk ein aalvorsam Tanke
um det store.
Stundom saag det meg ut som Sjøen sjølv var rædd
Rædd dei Myrkemagtine han dulde i Djupnine sine.
Daa kava han og stridde og vilde upp; inn yvi Lande
som laag der so fast og trygt; men Rædsla vart til
Sinne for di han ingin Veg kom; og han rulla og
stræva og brulta og brotna med Buring og Tot som av
olme, asande Tjorar.
Og Maakane bauta i Stormen og hivdest hit og dit
i harde Kast, men kom ingin Veg med alt sitt Stræv;
for smaatt er smaatt, naar det kjem til Aalvor. Eg
stod og stirde paa den ville Leik til Luva mi flaug, og
eg sjølv maatte til og fikte med Stormen.
Denne Sandstrandi, „Saltestrondo", drog meg alltid
sidan naar eg kom til Jærs; og eg hev vori der meir
enn ein Gong i seinare Tidir. No kjem eg der sjeld-
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>