- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VII. Brev. /
365

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

KN UDA HEI BREV

365

nare. Dei brenner Tare paa Havstrendane no; og
Sandane er sundbytte med Staaltraadgjerde. Dess
heller hugsar eg deim fraa mine Barneaar. Daa var
det Vidheim og Friheim og Audheim og Stillheim;
„Verdens Ende"; Mannheimen slutta her. Lande vart
burte i Sanden og Sanden i Have og Have inn-under
Vesthimilen lengst, lengst ute der Soli gjekk ned.

Men nye Spursmaal vakna: der ute der alt fekk
Ende, der maatte det au vera eitkvart. Og daa det
kunde ikkje vera noko slikt som det me hadde her,
so var det Æventyr. Ein Draumheim. Gull-Borgir
lyste yvi Land der Soli seig; og store forunderlege
Fuglar med Gullfjørir flaksa ikring; og Sjøormar var
der kvite som Sylv, og underlege Dyr med Gullhorn og
Silkefaks og Staalkløar og raude Gap som det stod
Røyk or. Der var au det store djupe Hole der Soli
gjekk ned. Men naar ho kom langt nok ned, so snudde
ho. Og gjekk nedan-um aust-yvi til Uppgangen att;
der kom ho daa upp um Morgonen. Ho laut hava
ein stor Øyk. Eller vel helst tvo, som han Kyller paa
Nesheim for Vogni si. Ja kannhende fire. Dette
syntes meg greidt, og eg vilde ikkje spyrja um det; dei
vaksne tok det so bakvendt med alt sovori.

Strandi laag lang og sandblaa ned-i sjølve Aldedrage.
Eit Stykke innanfyri, og noko høgare, so det skulde
vera stengt for Sjøen um han vilde for langt upp, laag
store Sandviddir yvi-straadde med smaa Stein, meir og
mindre rundslipt; der var Kuheimen min. Mykje fine
„Kyr" fann eg der millom all Strandsteinen. Vene
blaae og graae og stundom kvite Steinar som var
rund-slipte paa slik ein fin Maate, langrunde, flatrunde,
regelrette som dei skulde vera støypte. Naar han Far, eller
stundom Drengen, heldt paa og lesste Sand, rusla eg
inn-yvi desse Sandviddine og fann Kyr, til dess me
skulde paa Heimveg att.

Ofte gløymde eg Kyrne; stod i Sandbakken og
glodde ut-yvi Have og fælte. Helst naar det blés noko

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:50 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/7-1909/0373.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free