- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VII. Brev. /
366

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

366

KNUDAHEIBREV

stridt. Uh, denne store ville Sjøen. Som laag der
Dag og Natt og olla og brulta og braut; han vilde
visst inn-yvi Lande. Hu, um han no skaut Rygg og
lyfte seg upp og kom, kom . . . Men han hadde kje
Lov til det. Og han Far var med. Aa nei; Sjøen
vilde vera snild. Sjøen vilde vera skikkeleg. Eg fekk
skunde meg og finne Kyr. Naar eg kom heim skulde
ho Stine og han Jon faa sjaa at eg hadde vori Kar og
funni mange fine Kyr aat deim; fine store Kyr; og dei
skulde faa alle deim som dei vilde hava.

Naar det var godt Vér vaaga eg meg lenger nord,
og heilt ned i Sjøkanten; paa Strandsteinane der fann
eg Kuvungar som eg tok med meg heim til „Smale".
Skjølir (Skeijar) fann eg og; dei var so vene; og so
kunde me bruka deim til Fat naar me gjorde gildt og
kom Framande.

Sistpaa kom han Far eller Drengen etter meg; me
skulde heim-yvi. Eg var full-lesst jamt, og hadde dertil
Nedlag her og der; naar alt var framfunni gjekk me.
Eg hadde jamt mykje aa fortelja og spyrja um; men
eg tagde med mangt au, serleg slikt som eg var rædd
dei kunde øydeleggje for meg, eller jamvel læ aat.
Likevel lo dei aat meg rett som det var; men det var
ikkje paa vondt, kunde eg skyna. So lagde eg Kyr
og Sauir og alt eg hadde upp-i Kjerra, og sette meg
sjølv upp-aa; og dermed — so! hypp! — bar det ut-i
Salte-Aano.

Still og klaar gjekk ho her millom Sand-Fennane,
denne Aai, men saag stur ut likevel. Ho var vel rædd
Sjøen som ho no snart skulde ut-i.

So bar det sud den lange smale Vegen hisides Aai
ovanum Sandhaugar og Sand-Drivur til Nærlandshøgdi.
Eg gjekk attanum Sandkjerra og saag etter Kyrne og
Smalen min og „tenkte". Aa, her var so underlegt

olla: bølge. (Heng vel ihop med Alda (o: Bølge); som paa
Jæren heiter Olla). — brui te: buldre, larme (um døyvt, tungt
Bulder; soleis um Tora, naar ho slær ikkje for hardt).

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:50 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/7-1909/0374.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free