- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VII. Brev. /
367

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

KN UDA HEI BREV

367

her ’med Sjøen. Det var som alt dette ikkje rett
høyrde vaar Verd til. Alle desse Sandhaugane, med
Grasmark eller Lyngmark ovanpaa liksom Flaf-Luvur,
eller som Aaklæde, og Viddine utanfyri som var berre
Sand, Sand liksom i Baaredrag og Bylgjur, det vart alt
ihop til eit Sandhav i Sjøgang, med Sand-Driv for
Sjø-Rök i Vindkvervlane. Sjøormar og Marsvin og
Hav-fruvur og Havtroll og ymist anna rart heldt vel til her
ut-i desse tilstivna Baaredragi, naar Trollskapen elles
ikkje var i den rette Sjøen daa. Halvrædd og endaa
mest med Lengt lydde eg paa Duren der utanfyri av
lange Rullingar og tungt fallande Sjøar, eller av døyvde
Brak som eg ikkje skyna kva var, til dess me kom
lenger upp, og den ville forvillande Havheimen seig av
i seg sjølv, stilnande um enno kvævt brultande og
durande til me kom langt upp-gjenom Lande.

Stundom var han Får inn-um paa Nærland fyrr me
gav oss i Veg; daa var eg med for det meste. Eg
minnest at naar me kom inn der, saag eg gjenom
Vindaugo Hav-Sandane, som laag liksom paa Hérferd
uppyvi fraa Strandi mot Garden, Fonn etter Fonn,
Bylgjedrag etter Bvlgjedrag; ein kunde tru at dette
ville Sandhave vilde leggje Nærlandsgardane under
seg. Naar det b!és, rauk det og fauk fraa
Sandfen-nane so det kunde mest sjaa ut som Snøfok. Daa
kjende eg meg bringetyngd; trøysta meg med at me
skulde heim til Kvelds.

Hu, at Folk torde bu her ’med Sjøen i alt dette
Sar.dföke og i all denne Sjoing og Dundring med
Hav-marm og Storm. Godt og vel at Garborg laag so
langt uppe.

Men Aari gjekk og Nærland stod. Og eg gløymde
alt dette. Men det hev nok vori so likevel, at Sanden
hev haldi paa aa leggje Nærlands-Gardane under seg.
Det dreiv og dreiv, og Fennane kom nærare og nærare.
Smaatt, smaatr, men jamt.

’med (Sjøen): attmed; ved.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:50 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/7-1909/0375.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free