- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VII. Brev. /
368

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

368

KNUDAHEIBREV

— So kom eg igaar til Nærland alt. I Lag med
Hognestad-Karane. Han Eivind og han Hans, som er
Klokkar i NærbøDei vilde vise meg at der er
Framgang paa Jæren med, um det no ikkje stend so
mykje Braak av det.

Og eg fekk sjaa at der er Framgang paa Jæren.

Eg hev sétt det fyrr. Eg hev sétt Myrdyrking,
Skogplanting, Uppgang i Gardsstell, og serleg i Mjølkestell
og Fjosstell. Men det er so løje naar ein hev vorti
framand; det tek Tid fyrr ein lærer aa sjaa i
Samanheng. No var det som det tok til aa samle seg for
meg. Og eg fekk ein god Dag paa Nærland.

Mangt var umskift fraa fyrr. Ein Mannsalder kann
gjera mykje, um det so er paa Jæren. Det var nauvt
nok eg kjende meg att. Og endaa er det berre ein
litin Mannsalder eg her kann stasa med.

Det saag meg ut til aa bu fleire Folk paa Garden
enn fyrr; daa visst var her meir bygt. Og betre bygt.
Framtak og Velmagt synte seg i allting. Men Jæren
var det som fyrr. Ikkje noko Spjaak. Og serleg ikkje
denne Sprikjing med store Heimehus som eg so ofte
hev undra meg yvi paa Austlande. Heimehusi var
i det heile som fyrr, men godt i Stand; — ja og so
var her komi eit stort Gjestehus, aat Folk som ligg
her um Sumrane i Havbad. Dess meir Magt var det
lagt paa dei Bygningane som høyrde Gardsstelle til,
som Løur og Fjos og slikt; dei var baade store og
framifraa vel stelte. I dette Stykke steller Jærbuen
seg som andre kloke Folk: øyder lite til Stas og Vas,
men legg Magti der det trengst: paa Arbeidsveide og
Bruksbygningar.

Men Sandflöge? Og alle desse Sandfennane som
fyrr drog seg upp ifraa Strandi liksom paa Hérferd?
Eg stirde og glodde. Baade uppe og nede. Baade
her og der.

1 Den tridje av desse Hognestad-Karane. Presten, hev eg
sidan lært aa kjenne. (Merknad 1904.)

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:50 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/7-1909/0376.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free