- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VII. Brev. /
369

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

KNU DAH EI BREV

369

Fanst ikkje Fennar.

Det gusta og biés rett friskt. Men korkje Rok eller
Fok var aa sjaa. Eg kunde kje skilja anna enn Aaker
og Eng som stod serskilt godt, og Viddir med Kaal
og Rotvokstrar, og næmast upp-ikring Husi Tre; og
utanfor Vindaugo ein stor Hage full med Aplar og
Bær-Runnar. Men fylgde eg med Augo Havstrandi
nordetter, der fyrr Sandhave baara seg fram og braut paa,
— no grønka det der med. Det var som Sanden og
Dauden var burtmana.

Me gjekk inn. Der var folksamt og hugsamt.

Det var Sundag, so etter Non; eit stort Bord var
duka og stelt; Gjestir fraa Grendine sat og fekk seg
Kaffi. Mannen i Huse førde sjølv Vertskapen. Røda
gjekk greidt og huglegt. Det var dette frie og
samstundes folkelege Sellskapsliv eg hugsa fraa gode Hus
i mi Tid. Me nykomne vart fagna som Kjendsfolk
alle; um serskilt eg var framand so var Garborgsfolke
kjent; me var med ein Gong som heime i Huse.

Mannen, Torger Edland, var ovantil Fjellbygdi fraa
fyrste Tid. Og Fjellbuen vil jamt vera lettlegare i Lag
enn me Jærbuar flest, liksom han au for det meste
hev haldi vel so godt som me paa gamall Husskikk og
Lagsskikk. Eg kjende Fjellbuen paa hans serskilt gode
Lag til aa vera Vert; og me hadde ei koseleg liti
Kaffistund.

So drog me i Veg til aa kringsjaa oss; eldste Son i
Huse, fullvaksin Mann og jordbrukslærd, var Vegvisar
og Framsynar. Fyrst bar det ned-yvi Heime-Jordine.
Süme av desse er beintfram tekne inn att fraa det som
var ned-drtvi alt. Jordine rakk no langt ned-yvi der
som eg aldri hadde visst av anna enn Sand; store
Viddir laag det her med velstelt Jord i beste Magt;
reint ein Storgard hadde det vorti. Eivind Hognestad
fortalde meg at denne Garden hadde vori haldin for
den ringaste paa Nærland fyrr; hadde ein annan sagt
dette so hadde eg knapt trutt det.

24 — Garborg. VII.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:50 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/7-1909/0377.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free