Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
370
KNUDAHEIBREV
Sjøen susa sin gamle Song. Men liksom ikkje
lenger med den gamle Tyngd, eller den gamle Rædsle.
Friskt og modigt høyrdest det.
Eg undrast paa kvar det kunde ha vorti av alle dei
Sandfennane som laag ned-etter her fyrr; Føraren sagde
at det meste av den gamle Sanden var jamna ut-yvi
og nedhakka i Jordi. For det hadde helst vori god
Sand. Upp-mengd med sund-morkna Tare og Skjeljar
og smaa Sjødyr av mange Slag, so at naar han kom i
Jordi var han heilt-upp som Hævd aa kalle. Det som
saag ut til Øydeleggjing hadde daa beintfram vorti til
Bate.
Arbeide med aa faa Sanden bundin hadde vori baade
langt og seigt, og hadde kravt mykje Tolmod og
Um-tanke. Men so hadde dei meir og meir komi etter
korleis dei skulde ta det; og litegrand hadde Staten
hjelpt til, so ein kunde leggje meir Magt paa Arbeide.
Og so var det daa no komi so langt. Strandrug
(Marehalm), som ikkje grodde paa Jæren fyrr, var innførd
fraa Jylland og hadde vaksi godt; den batt Sanden
utruleg. Og Strandrugen saar seg sjølv naar han veks
til, og legg daa Sanden meir og meir under seg.
Rolegt og spakt tok han det, denne Karen; sagde
heller vel lite enn han sagde eit Ord for mykje. Eg
kjende denne Maaten, og visste at det eg her fekk
høyre kunde eg stole paa.
Paa Strandviddine ovanum Strandrug-Belte var det
planta Buskfuru, og det nord igjenom alt aat Salte-Aai;
tett og sterkvaksi stend denne Furo no og tvingar
Sanden med Magt. Buskfuro saar seg sjølv den med;
og Sanden som fyrr lagde meir og meir Land øyde lyt
no sjølv gjera Gagn. Den Skogen han døyver seg
sjølv med vert til Nytte paa fleire Maatar; millom anna
liver han for Hav-Vinden, og vil dermed gjera det
lettare aa faa Skog til aa vekse lenger upp-etter, paa
Heidar og Viddir der ikkje annan Gagnvokstr trivst.
Det var nye Folk som laut koma og setja dette Ar-
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>