Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
KN UDA HEI BREV
371
beide i Gang; Strandbuen var for klok; trudde kje paa
sovori. Han kjende til Sanden han, maa-tru. Det
skulde nok ingin lære honom noko um den, nei. Setja
Skog i Flogsand som var so turr at han faug i Lufto
vorsaa Rennedrév berre det bliskra og blés lidegrand,
del skulde visst han gjera! Aa nei. Det nytta nok
ikkje aa stridast med Vaarherre.
No tek Strandbuen til aa sjaa, at um ein set Skog
mot Flogsand so er ikkje det meir Strid mot Vaarherre
enn naar me byggjer Hus mot Kjøld og Regn. Og
fleire Stadir nordetter Strendane tek dei til aa tenkje
paa Skogplanting. Paa sjølve Saltestrandi kann det
med Tidi bli andre Kyr aa finne enn dei eg fann. Til
Døyving av Sandflöge paa Sola-Sandane er alt mykje gjort;
og paa Ogna-Sandane hev Jønnvegen planta ikkje so lite.
— Eg gjekk der ned-paa Nærland og saag paa alt
som grønka og vaks; og glad var eg. Her maatte bli
Raad med noko av kvart her til Lands, naar me kunde
tøyme sjølve Havsandane! Og meir og meir skyna eg,
at desse sterke, stillfarande Folk som aldri skrik upp,
men arbeider, berre arbeider, — dei er kannhende ikkje
alltid „fremst", eller „øvst"; men tek dei fyrst i, so
dreg det. Eg var glad for at dei kjende Namne mitt paa
Nærland; men — lat so vera at me treng Bøkar au:
eg skulde nok heller ha vori med paa aa binde
Havsandane og tvinge fram Liv av Daude. Daa eg ei
Stund etter, ut paa Nærlands-Tune, fekk Auga paa ein
Kristiania-Professor som gjekk der og sveiv turistklædd
og fjong — han laag vel her for Helsa si, veit eg —,
tok eg Luva av for ’n og tenkte: Gud Fader veit kva
slike som du og eg skal vera til fyri.
Eg kjende denne Professoren, og skulde ha helsa
paa ’n skikkeleg. Men eg gløymde det. Han vart
meg so langframand. Alt det han minnte meg um kom
meg so lite ved. Her var mitt Folk. I Dag kunde
eg hava Lag med det; Stundir til aa helsa paa
Professorar vart her alitid.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>