- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VII. Brev. /
380

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

380

BREV UM FINNEFERDI 1905

Stundom stanar Baaten, og me ror iland; soleis ved
Torghatten. Upp den høge Urdi krabbar me i Veg,
Mann etter Mann i lang Rad, som Smaatroll og Dvergar
aa sjaa i vaare graae og graabrune Ferdaklæde. Der
Berghalli opnar seg stansar me; syp etter Anden;
stirer; segjer store Ord som vert inginting her; stend
i Urd og glor gjenom Berg: kann dette vera Inngangen
til Trollebotnen? — Nei; snarare er det Inngangen til
Valhall. For det er vent her; linn og blaa lyser
Himilen inn gjenom Kvelven fraa hi Sida; denne sküme
Vegen fører til Ljos.

Inn i Berge kryp daa me Smaatussane som best me
vinn og vaagar; ned ber det med mange av oss, um
ikkje ned og nord. Me som held fram er snart paa
Bergbotnen; der lyfter Graasteinskvelven seg yvi oss
som ein Trollhimill. Bergtekne er me no. Men naar
me held fram ber det upp-yvi att, til dess me stend i
Opningi paa hi Sida. Der ser me ut yvi eit øy-sprengt
sol-glimande Hav som ytst ute kvitnar saman med
Himilen. Herleg er Utsyni; soleis maa Heimen sjaa
ut for Gudar i Sky. So me er i Ljosheimen enno.

Nærast ned-under oss ligg ein breid grøn Gard:
Torge. Endaa i det 14de Aarhundrad sat Torg-Ætti
paa den Garden; no ser han ut som han var Hagen
utanfor Bergkonge-Borgi. Men inne i den høge Halli
hev Torg-Trolle siti med si Hird og gnaska Kval millom
Tennane, og Nise og Elg og Bjørn, og stundom ein
litin Per eller Paal liksom ei Ræke til Smak paa
Maten . . . Men dei kloke i Flokken talar lærde Ord
um Bergbygning og Istidir.

*



Ein Stad me var i Land sat det ei gamall Kjering
paa ein Stein ved Vegen og kvilte; nokre av
Ferda-lage gav seg i Drøs med Kjeringi. Eg stod og høyrde
paa litegrand; kjære, vene, tenkte eg, hev dei so fint

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:50 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/7-1909/0388.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free