Full resolution (JPEG)
- On this page / på denna sida
- Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
382
BREV UM FINNEFERDI 1905
fall og denne Ferdi i ei Tid daa Nordmennar i det
heile lett „fann kvarandre"; Vaaren 1905 var Vaar i
meir enn ei Meining; det kann ein vel segja trygt1.
*
Rikare og meir storlagd vert Utsyni di lenger ein
kjem; meir og meir laut ein vera nøgd berre ein
kunde fylgje med so i Stordragi. Nemne upp det me
saag kann lite nytte. Dei sju Systrane, Breidtind,
Kvass-Tind, Tvillingane, Grytfoten, Ørntuva, Dønna,
Svartisen som er 7 Milir lang og 1 Mil breid, Lofoten
og Vesteraalen med all sitt Vidunder . . . Namn er
Namn og Skildringar Ord for den som ikkje hev sétt
det. Det er ikkje nok aa sjaa det heller, so fraa eit
Dekk. Det er ei god Hjelp, og eit Stykke paa Veg;
men meir skal det til um ein rett vil faa Tak paa det.
Folk som kann koma ut i unge Aar kjem til aa tenkje
paa dette; eit Aar i Nordland vil for mange vera meir
verdt enn eit Aar i Tyskland.
Me fær i det heile sjaa aa bli heime i Norig no
etterkvart. Nordlendingen kjem ikkje so sjeldan
sør-yvi; Sørlendingen maa nord-yvi. Norig er eit mykje
større Land enn me veit; det maa ikkje liggje paa
Rek lenger. Me skal gjera oss kjende med det og
taka det i Bruk.
— Det er nord-yvi som elles fram-etter den norske
Strandi: utanfraa ser Lande armare ut enn det er.
Men endaa hender det at me ser baade Gardar og
Bygdir inn-etter Strendane. Og um her er skogsnaudt
ser Lande langtifraa daudt ut. Det grønkar fram-med
Strendar og upp-etter Berg-Sidur, so at eg som er
ifraa Lyngheimen knapt torde tru mine Augo. Grønt
Gras upp-etter Fjelli alt upp til Snøgrensa aa kalle
for, og det her upp-ikring Polringen, — eg stod meir
1 Men den Mai fekk au sin November. (Merknad 1909.)
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:50 2023
(aronsson)
(download)
<< Previous
Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/7-1909/0390.html