Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
383 BREV UM FINNEFERDI 1905
enn ein Gong og berre stirde. Med Skogplanting og
Dyrking skulde ein vel kunna vinne langt her?
Live i Nordlandshave er ikkje so rikt som det hev
vori; men enno er her ymist for ein Sørlending aa
sjaa. Ei Nise velte seg i Vatstrømen rett som det
var; ein Hende Gong spruta ein Kval — ingin stor;
Takk have Svend Foyn —; Efugl, Lom, Alke, Gaas og
annan sjeldsynt Fugl viste seg rett ofte.
Fiskevær saag me her og der. Dei hev stundom
vaksi seg upp til heile Strandstadir, med Fiskje og
Verksdrift som dermed heng ihop (Trankoking; Guano
o. s. f.). Handelsgardar for me framum ikkje sjeldan;
dei ser velstandsame ut; og mange er gamle.
Nordlandshandelen laag under Bergen mindre eller meir alt
til midt i det 19de Aarhundrade eller so; no er han i
Framgang, um elles Fiskje i seinare Aar hev vori
mindre aa lite paa.
Det er meir Liv her uppe enn Sørlendingen trur.
Bo døy, hovudstaden i Nordlands Amt, er ikkje lite
framme. Lande ikringum er i sterk Framgang det
med. Det gjeng vel i Nordland som andre Stadir:
vert det utrygt med Fiskje so slær Folk seg paa Jordi. Og
den er meir sætande, um ho no ikkje er so
stor-gjæv som Sjøen kann vera. No hev dei fengi
Jordbruksskule her uppe; kann den laga seg etter dei
nordlandske Vilkaar maa han kunna gjera store Ting.
Mindre hugsamt er det aa sjaa paa den veldige
„Mil-lion-Daarekista" ved Bodøy. Ikkje berre av di ho vart
so meiningslaust dyr; det er i det heile vondt aa vita
at Folke vaart skal trengje so mykje. Hjelp av det
Slage; og det trass i alle „Sjælesyrgjarar". Me var
inn-um paa Daarekista. Og det saag godt ut med
Stelle der so vel som med Rome, so vidt som me
kunde sjaa. Med alle tunge Tankar som vaknar paa
slike Stadir fær ein vera glad for at me endelig hev
lært at Galskap er Sjukdom; mykje Tull hev berre
den Kunnskapen gjort Ende paa. Og lenger vinn me
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>