Full resolution (JPEG)
- On this page / på denna sida
- Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
384
BREV UM FINNEFERDI 1905
vel etterkvart, baade med aa hjelpe dei sjuke og med
aa styrkje Folkehelsa mot Sjukdomen; ei stor Hjelp vil
det vera naar Fanden med sitt Helvite kjem ut or
Barneskulen og Kyrkja ein Gong. Mangt og mykje
er elles aa lære; dei Granskingane av Heilesjukdomar
som lengi hev vori drivne synest mill. a. vise at der
er Samanheng mellom Sinnssjuke og Lovbrotshüg; den
Tanken kunde føre mykje med seg. Paa
Brotsmanns-heimen („Kriminalasylet") i Trondhjem, som eg sidan
fekk sjaa, kom eg innpaa same Spursmaale fraa den
andre Sida, og fekk ei ny Vitring um kor lite me
enno veit her.
*
Av dei gamle nordlandske Hovdingsæti er for det
meste Namni att; og i eit Land som hev légi under
Framandfoten so lengi som vaart er berre det ein stor
Ting. Av gamle Bygverk finst det her og der ei
Kyrkje, meir eller mindre umbygd. Den i
Trondenes skal vera svært gamal; ho er dertil den nørdste
Kyrkja i Kristindomen. Det er i det heile ikkje so
reint lite ein kann segja „det nørdste" um naar ein
kjem her upp-etter; Trum s er soleis det nørdste
Bispesæte i Verdi. Byen er ikkje eldre enn fraa 1794;
han ligg vent, med høge fagre Tindar ikring, og tek seg
godt ut. Han hev baade luthersk og katolsk Kyrkje,
og Raadhus, og Lærdskule, og Lærarskule, og Museum.
Eit stort og forvitnelegt Museum; serleg rike er
Samlingane fraa Dyre- og Fugle- og Fiskelive nordpaa;
forvitnelege er like eins Samlingane fraa Finnelive. Ein
sterk Framgangsvilje liver i desse Byane, og elles all
Stad der uppe der me kom nære nok til aa kunna
sjaa og gjera oss Meiningar; at Nordland hev ei
Framtid kann ein trygt spaa.
Nordlandsfjelli sviv for meg enno, stigande fram og
glidande burt som ein Æventyrdans. Um eg aldri
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:50 2023
(aronsson)
(download)
<< Previous
Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/7-1909/0392.html