- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VII. Brev. /
385

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

385 BREV UM FINNEFERDI 1905



kjem til Nordland meir: dei vil blaane og skine for
meg so lengi eg kann hugse. Høg-Baarur mot Sky;
Borgir og Tindar; villbygde Trollslott; Hausar og Høgdir
braadukkande or Hav; ender og daa ein Serskapnad:
eit Berg som ein høg Sule, som ei Tunge, eit Spir,
eit Horn, — Bilæte paa Bilæte steig, radde seg
fram-fyri oss, gleid av til Sides, seig burt langt
atter-ut. Det kom Minningar um Rundar, Jøtunheimar,
Alpir; men den nordlandske Fjellheimen er alltid seg
sjølv. I all sin Rikdom. Fram glid og undan sig,
lysande i bergblaatt, snøkvitt, isgrønt, alitid nye
Nordlandsfjell i alltid skiftande Leik; Rad etter Rad,
Ring etter Ring; endelaust. Mange Stadir grønka det
med Gras nedan til og kvitna med Snø ovantil; i
Millombrøyti skifte Grasgrønt og Snøfonn som dei kunde
best; det var Kappestrid millom Sümar og Vinter
Midsümardag.

Det leita paa aa fylgje med. Men rive seg laus var
faafengt; eg fylgde og fylgde til det svimra for meg.
Daa laut ein gjeva seg stundom; finne sitt Kot og
krabbe i Køy. Og liggje og ørske med Hovude fullt
av Fjell og Hav til ein somna.

— Fyrr me visste av det var me i Trollebotnen. I det
Æventyre der Soli ikkje gjeng ned, eller gjeng ned og
ikkje stend upp att.

Den fyrste Kvelden som ikkje vart Natt fekk eg
ikkje rett Greide paa; det var skyut. Men Dag vart
det og Dag vart det verande, um Klokka aldri so
lengi sagde Natt. Og det kom ei Tid daa den som
lagde seg Klokka eit ikkje so plent kunde vera stød
paa um han lagde seg til Natti eller til ein Middagsblund.
Me var utanfor Verdi. Dag og Natt var avtekne; me
var uppe naar me kunde og sov naar me sovna;
spurde lite um Dags eller Døger Tid. I Dag og igaar,
i Morgo og i Kveld, var ikkje slikt berre Innbillningar?
Det einaste som stod noko-so-nær fast var Matmaali.

Baare: Bylgje.

25 — Garborg. VII.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:50 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/7-1909/0393.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free