- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VII. Brev. /
386

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

386

BREV UM FINNEFERDI 1905

Aat me Klokka tri, so galdt det for Ettermiddag. Men
um det ikkje likso snart kunde vera Ettermidnatt? —
Naa; slikt fekk Kokken hava Greide paa.

Men det vart stridt etterkvart med Dag jamt; det
veit eg. Alltid noko aa sjaa, og alltid ljost so ein
kunde sjaa; — naar skulde ein daa faa kvile? Og
samle og skipa til Rettes alt det ein saag, so ein fekk
Samanheng i det? — Meir og meir stod det fast
millom Mann og Mann, at Nordland er ikkje aa taka i
ein Jafs; ein fær faa med det ein kann, og lata Resten
vera „til ein annan Gong".

Du vil daa forstaa at me kjende ein Lette daa
sist-paa Finnmarki kom, — med roleg, rimeleg Nattur,
med rolege, rimelege Næringar. Næringar? Du vil
vita kva det er? — Det er rolege, rimelege
Finn-marksfjell. Ikkje sers høge eller sers merkelege;
noko-so-nær som Fjell flest. Og nettupp slike var det som
turvtest no. Det var fleire enn eg som tok seg ei
god „Natt" den „Dagen".

*



Daa eg kom upp att, midt paa Dagen som fyrr, viste
det seg elles at der enno var eitt og anna aa fylgje
med i.

Ein litin hyggjeleg Kval spruta her eller der. Og
meir Fugl vart det. Eit Par Gongir kom me jamvel
framum Fugleberg. Der var det Liv! Luft, Hav,
Fjell kvitna, kravla, kvein av Fugl, svivande, symjande,
sitjande Fugl, Fugl som smaasnakka, smaaskravla,
smaa-kvein. So small Skipskanona; daa var det som Berge
løyste seg upp i Fugl. Kom burt i Fugl og
Fugle-skyir. Og det vart eit Stormvér av Fugleskrik. Ei
Babels Maalville av Fugleskrik, eller kva Likning eg
skal brüka. Men snart skyna Fuglane at det ikkje var
Aalvor og slog seg til Ro att.

Og so galdt det aa gjæte paa Soli, um me kunde

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:50 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/7-1909/0394.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free