Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
387 BREV UM FINNEFERDI 1905
faa Greide paa Natt-Vegane hennar. Himilen vilde
gjerne skodde seg so vidt til i Vest um Kvelden at
Soli ikkje var aa sjaa; det galdt aa fylgje med, aa agte
paa Tidi.
Aa sjaa Soli staa upp i Vest vilde elles for meg
ikkje vera noko rart; paa Labraaten gjeng Soli upp i
Vest kvar Dag. Men sjaa Soli stana; stana og snu;
gaa same Vegen attende som ho var komi, — det
maatte daa endeleg vera den bakvende Visa.
Ein klaar Kveld kom. Og Soli stana. Stana og . . .
stod still. Lengi. Stod der og liksom tenkte seg um:
skal — skal ikkje? Tenkte so djupt at ho bleikna;
Straaleglansen dovna; dovna so Soli sistpaa hekk der
yvi Havrandi mest som ein stor, eldraud Maane,
glimande utan Straaleglans, utan rett Liv . . .
forunder-legt aa sjaa. Nei; so visste ho daa endeleg kva ho
vilde; tok til aa „spire", smaastraale. Straala meir og
meir; morgon-straala. Var sistpaa seg sjølv att; tok
til so smaatt aa glide . . . den galne Vegen. Men
noko vidare Stiging vart det ikkje paa ei Stund.
Endelaust smaatt og jamt gleid ho frametter den nordlege
Himilrandi, heller laagt nede, arbeidde seg endelaust
smaatt og jamt att-yvi og upp-yvi; vann seg noko
meir upp-yvi smaatt um Senn; kom meir og meir
aust-yvi og upp-yvi ettersom „Natti" leid; nordanfraa og
etterkvart nordaustanfraa naadde ho sistpaa fram til
si Middagshøgd. Og so til aa glide ned-yvi att, vest
til nordvest, heile Tidi speglande seg i den blaablanke
Sjøen.
Det var underlegt aa sjaa paa dette. Ein skulde
skyna det; og endaa var det som eit Mirakel: Soli
var Gud og snudde Heimsens Orden um.
Men me var glade at me hadde fengi sétt det. Det
var nok ikkje berre Turist-Jugl likevel.
— Og so ein „Dag", mot „Kvelden", eller
Kveld-Morgningi, fyrr eg visste Ord av, gleid Nordkapp
fram. Breidt, stødt, fast; større enn eg etter Bilæti
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>