- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VII. Forteljingar. Kvæde /
9

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has been proofread at least once. (diff) (history)
Denna sida har korrekturlästs minst en gång. (skillnad) (historik)

Han tala fort, kaldt og knapt, liksom ein som er arg
for at han lyt beda um Beining av Folk, som han helst
ikkje vilde hava noko med. Presten stod straks upp og
fylgde ut paa Kantore. «De vil fraa oss no?» sagde han.
«Aa —, ein lyt tenkje paa Livemaaten,» meinte Vikstad.
«D’er vel so,» sagde Presten, — «liksom me Latinarar
segjer: ubi bene ibi patria, der ein hev det godt, der
hev ein sitt Fedraland.» — «Ja ja,» sagde Læraren.
«Elles er eg no kjend der burte fyrr.» — «Det er sant,»
sagde Presten.

Han skreiv ein god Attest; Læraren takka og vilde
betala. «Nei,» sagde Presten, «eg vil inginting hava.»
«Jau; Rett skal vera Rett,» sagde Læraren. Presten
stirde paa honom; han undrast paa det kaldvorne i
Tonen og i Aasyni. «Eg tek ikkje Pengar for slikt, —
minst paa ein Kveld som i Kveld,» sagde han. «Naa,
som De vil, Herr Pastor,» svara Læraren; «men dette
er ikkje med min gode Vilje.» Presten lo litt; Læraren
saag ustødt paa honom. «God Natt, gledeleg Fest,»
sagde han og gjekk aat Døri. «Nei nei, kjære Vikstad!»
ropa Presten, «De lyt Daa smaka paa Jolegrauten med
oss!» — «Eg segjer mange Takk; men eg er alt bedin
ut ein annan Stad. Godnatt — og Takk!» Han bukka
og gjekk. «Ein stiv Kar,» tenkte Presten.

Daa han kom inn att, sat Kapellanen og tala med
Frua og Ragna om Lærarane og Prestane. Ragna stod
paa, at ho lika best slike som Vikstad, som heldt paa
sin Sjølvvyrdnad og aldri kraup eller prøvde aa snikje
seg inn hjaa sine Overmennar; Balle sagde ja til dette,
men meinte like vel, at etter det 4de Bòde var det kvar
Lærars Skyldnad aa vera undergjevin og lydsam mot
Presten sin og ikkje meine seg aa vera Jamliken hans.
Presten lagde seg her inni Samtalen, og sagde, att etter
hans Tru var Vikstads Ulykke helst den at han hadde

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:51:33 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/7-1944/0011.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free