Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has been proofread at least once.
(diff)
(history)
Denna sida har korrekturlästs minst en gång.
(skillnad)
(historik)
reist heile Byen paa Ende. Ho riv ned paa Ægteskape,
segjer dei, paa Moralen, paa Samfunde... eg hev aldri
set Kristiania so moralsk som i desse Dagar.»
«Hm,» sagde Balle, «Kristiania er i det store og heile
ein moralsk By.»
«I denne Tid er han det! Den unge Diktaren er seld
for Livstid. Mennane forbyd Kjeringane aa lesa Boki,
og Kjeringane forbyd Døtrane det...»
«Og so les dei allesaman?» sagde Presten.
«Javisst! Kjeringane les og blæs: pøh! den Diktaren
kjenner ikkje Live! og Døtrane, dei vene smaa Englane,
dei les og segjer: kjære, er det nokon Ting? Me hev
daa lesi verre Bøkar enn den?»
«Men so fortel kva Boki gjeng ut paa,» sagde Presten.
«Ho gjeng ut paa, at... at gifte Folk skal elske
kvarandre,» sagde Hans fult.
«Aa haa! — den frie Kjærleiken!» ropa Kapellanen.
«Javisst! den frie Kjærleiken. All sann Kjærleik er
fri, segjer den Galningen til Diktar.»
«Høyrer De, Herr Pastor?» sagde Balle. «Vaare eigne
Diktarar tek òg til no —; lat oss agte oss! — So
vedkjenner han seg vel den ’frie Tanken’ òg daa?» spurde
Kapellanen.
«Det er greidt,» svara Hans. «All Tanke er fri, segjer
han, — ikkje berre tollfri.»
«Han trur ikkje paa Gud naturlegvis?»
«Eg tvilar paa det; men det var endaa ikkje det
verste.»
«Ikkje det —?»
«Nei; for det er mange i Kristiania som ikkje trur
paa Gud. Men denne-her Diktaren trur ikkje paa
Djevelen dessmeir!» — Hans lo som eit Barn aat det
Andlite Kapellanen sette upp; Presten saag strengt paa
Hans, som no slo Augo ned og tagde.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>