Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has been proofread at least once.
(diff)
(history)
Denna sida har korrekturlästs minst en gång.
(skillnad)
(historik)
«Uvêre veks,» sukka Kapellanen. «Diktarane vaare
hev fyrr haldi seg reine for desse gudlause Tankane,
alt um dei dessverre ikkje alltid hev havt det rette
Syn paa Kristindomen, og serleg hev vori inne paa
grundtvigske Vildringar; men no — no bèr det paa
onnor Leid. Ser De Upprørsaandi, Herr Pastor? Høyrer
De, kor dei riv og slit i sine Band og reiser Rygg mot
alt som er høgt og heilagt, ja gjeng Storm mot sjølve
Samfunds-Grunnvollane?»
«Gud betre oss,» sukka Presten; «det ser ikkje gildt
ut. — Er her noko nytt i Bladi?» spurde han, liksom
til aa koma burt fraa denne Samrøda, som tydeleg
tyngde honom.
Hans sprang ut og kom strakst inn att med Avisur.
Ei av desse var fransk; den valde han ut aat seg sjølv;
Resten gav han Balle.
«Ser du, Fâr,» sagde Hans med ei Skulemeistarmine,
«vil ein hava Politik, so maa ein aat Frankrike. All
annan Politik er berre som eit Attergny av den.
Frankrike er Europa, Frankrike er Verdi!»
«Høyrer De, Herr Pastor?» sagde Balle, «høyrer De,
kor den franske Aand tek til aa faa Magt? den
franske Aand, som alltid hev vori eitt med Rationalisme
og Revolution?»
«Her er eit Stykke som vil gjera Herr Balle godt!»
ropa Hans. «Det er ikkje godsnakkande og vide vasande
som vaare norske Bladstykke; der er Eld og Brand her;
du kjenner liksom knytte Næven attum Ordi, buin til
alt dersom det knip. Slikt kallar eg Politik!»
«Aa du er ein Galning,» sagde Presten. «Kom med
det.»
Hans las upp eit Stykke mot dei prestlynde eller
klerikale, og Stykke var svært radikalt. Det gjekk serleg ut
um, at Prestane og Kristindomen maatte ut or
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>