Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has been proofread at least once.
(diff)
(history)
Denna sida har korrekturlästs minst en gång.
(skillnad)
(historik)
Folkeskulen, so sant her skulde vera tenkjande paa sann
Folkeupplysning. Kristindomen hadde gjort det han
kunde gjera no; heretter laag han berre i Vegen.
«Fridom og Sjølvmagt» var Hèr-rope for Mannsens Ætt;
dei kunde vera fagre nok, mange av dei Draumane som
den nye Tidi tvinga oss til aa sleppe; men Ljos og Liv
og Sanning var daa tie Gongir fagrare enn alle Draumar.
Kapellanen sat og mylte og saag i eit av dei norske
Bladi. «Her stend det same,» sagde han. «Nei, vel —?»
«Jau, det same, — og endaa ikkje det same. Det norske
Blade hev stroki eller stelt paa alt, som handlar
endefram um Kristindomen; Resten er likt.» — «Ha-ha-ha!»
lo Hans; «for Lurifaksar!»
«Ja dei er kloke som Slangar,» sukka Kapellanen.
«Her kann me daa tydeleg sjaa kva som under bur. Det
er løynt burt i Politik; men Aandi kann dei ikkje dylja:
det er just denne same franske Helvitesaandi,
Upprørs-aandi, Djevelsaandi, som reiser seg mot sjølve den
lìvande Gud. Ser De det, Herr Pastor? Ser De kor heile
denne Fridoms-Politiken, dei kallar, er bòrin og
gjenomsyrd av den gudlause Upprørsaand? — I Sanning, det
vert meg meir og meir klaart, at det gjeld for oss Sions
Vaktmenn — no meir enn nokosinn fyrr — at me
vaka... og beda.»
Presten sat og grunda. Han saag tyngd og sorgfull
ut. Det vart for stilt for Hans; han sette seg burt til
Hauk og Ragna. Kapellanen saag ut til aa like dette,
og vart meir roleg.
«Kjære Herr Pastor,» sagde han um eit Bil, «so sant
som der skal vera Sanning i Arbeide vaart — ja, dette
Spursmaale dreg seg meir og meir inn paa meg —, so
sant der skal vera Sanning i Arbeide vaart: at me skal
vaka yvi Guds Hus og Folk, — kann me daa tegja og
vera rolege, naar me ser ei Aandsmagt, slik som denne,
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>