Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has been proofread at least once.
(diff)
(history)
Denna sida har korrekturlästs minst en gång.
(skillnad)
(historik)
koma dragande inn-imot oss, — ei Aandsmagt, som so
endefram er bygd paa Heidindomen og so klaart syner
sitt sataniske Upphav? Hev me Lov til det? Kann me
forsvara det for vaar Herre og Gud?»
Presten tagde og tenkte. «Det er eit leidt
Spursmaal,» sagde han tilslutt; «vaar Herre gjeve oss
Visdom!»
«Amen,» sagde Kapellanen.
III.
Det leid til Sengjetid; Balle gjekk. Dei tvo Studentane
fylgdest upp-paa Soveromi sine; Presten var og med.
«Du hev vaksi paa Utlandsferdi di,» sagde han til Hauk,
daa dei gjekk upp Troppi. «Kann hende,» sagde Hauk.
«Ja ja; det friskar aa koma ut,» meinte Presten.
«So vil eg òg avstad!» ropa Hans. «Du, Villstyringen,»
sagde Presten; «du kom berre til aa fjasa deg burt du.»
— «Aa, Live der ute kann nok gjeva Aalvor,» meinte
Hauk.
Hans gjekk aaleine inn paa sitt Rom; Presten fylgde
Hauk inn paa hans. «Fann du mykje der ute som kunde
vera gagnlegt for Prestlærdomen din?» spurde han. «Aa
— der var visst nok aa finne.» — «Du vil vel halde
fram med Prestlæra?» — Hauk tagde litegrand, saag
so upp og sagde: «Nei.»
Det gav eit Rykk i Presten. Men han tok seg att.
«Du tek ei ny Lære daa?» — Hauk lika ikkje denne
Frettingi; han visste ikkje kor Presten vilde av. «Nei,»
sagde han; «eg vert Bladmann.». — «Bladmann?...
Hm.» Presten tagde; stod med Ljose i Handi og saag
nedpaa det; Munnvikine hans skalv i smaae, uvisse
Rykk. «Ja — ja; ein Bladmann kann òg gjera mykje
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>